Fjordblomst kommune?

Stordal og Norddal skal bli til éin kommune. Fellesnemnda tilrår Fjord kommune som nytt namn. Å finne ut korleis det nye kommunevåpenet skal sjå ut, blir ei oppgåve for fellesnemnda seinare.

Innbyggjarar generelt og skuleelevar spesielt er blitt inviterte til å kome med framlegg til namn på den nye kommunen når Stordal og Norddal skal bli éin kommune. Fristen for å kome med framlegg er no ute, og framlegga er offentleggjorde.

Ordførar i Stordal, Eva Hove, som har sortert og gått gjennom framlegga, fortel at over 60 ulike namneforslag er komne inn. Somme forslagsstillarar har føreslått fleire namn og nokre av namna er blitt føreslåtte av fleire personar.

Ho seier det er gledeleg at så mange har engasjert seg i dette og at fellesnemnda har fått mange gode namn å vurdere.

Fjord og dal

Nesten halvparten av namneframlegga har ordet fjord i seg, om lag 20 har ordet dal i seg. Hove seier at dette viser at fjor og dal ikkje overraskande er ein sterk del av identiteten til den nye kommunen.

Bør bli samde

Det som skjer vidare, er at fellesnemnda skal kome med framlegg om nytt namn. Namnespørsmålet skal så drøftast i eit felles kommunestyremøte før begge kommunestyra skal gjere vedtak. Deretter skal det nye namnet vedtakast ved kongeleg resolusjon. Dersom dei to kommunane lokalt er samde om val av namn, skal det ifølgje Fylkesmannen mykje til for at dette ikkje vert godkjent. Har dei to kommunane gjort forskjellige namnevedtak, blir avgjerda teken av departementet.

Det er også vanleg at Språkrådet får uttale seg om skrivemåten. I tillegg må namnet vere unikt i den forstand at det ikkje kan vere i bruk som kommunenamn ein annan stad i landet.

Om den nye kommunen skal heite Fjordblomst, Nordstorfjord, Fossefall, Dale, Tafjord eller noko anna, vert som sagt drøfta på felles kommunestyremøte som må haldast seinast 25 august i år.

Her er framlegga:

Namn som startar med Fjord: Fjord, Fjorden, Fjordane, Fjorddal, Fjordvall, Fjordfin, Fjorddalane, Fjordblomst, Fjordstor

Namn som endar på fjord: Nordstorfjord, Dalfjord/Dalsfjord, Storfjord, Storfjorden, Indre Storfjord, Tafjord, Vestfjord, Vestfjorden, Lingefjord, Nordfjord, Stornordfjord, Blåfjord, Godfjord, Sunnfjord, Indrefjorden, Finfjord, Dantefjord, Javlafjord, Fjellfjord

Namn som startar på Dal: Dal, Dale, Dalane, Dalvik

Namn som endar på dal: Helgdal/Helgedal, Snordal, Fjelldal, Sjødal, Skogdal, Bødal, Elvadal, Soldal, Pardal, Nydal, Sunndal, Stornorddal, Langdal, Rosedal/Rosdal, Herdal, Ordal

Andre framlegg: Linge, Storvall, Storvalla, Stornord, Nordstad, Storstrand, Stormøre, Landrik, Fjell, Fossefall, Ormula, Blåtind, Hove, Stevn, Skogstad, Samdalsli

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no