Fleirtal for å trykke på pauseknappen når det gjeld renovering av Olavsgata 8 («kraftverkbygget») i Valldal

Etter ein lang diskusjon med tildels svært steile frontar, landa fleirtalet i kommunestyret på å trykke på pauseknappen og avvente renoveringsprosjektet inntil samla investeringsbehov for Fjord kommune ligg føre. Arkivfoto.

Måndag var det ekstraordinært kommunestyremøte i Valldal i saka om renovering av Olavsgata 8, eller kraftverkbygget, i Valldal sentrum. Fleirtalet gjekk denne gongen for å ikkje gå i gang med renovering no.

Det vart ein lang diskusjon og innimellom kunne ein tru ein var attende til tidlegare tiders kommunestyremøte der det var vanleg med replikk på replikk på replikken … Etter at ordførar Arne Sandnes (Sp) hadde innleia med ein gjennomgang av saka så langt der han gjorde eit poeng av at vedtaket som vart fatta i kommunestyret 21. juni var lovleg fatta, opna han for debatt.

Sterke skuldingar

Og debatt var det, og dei mange tilskodarane denne ettermiddagen fekk oppleve både det eine og det andre frå talarstolen. Det kom mellom anna sterke skuldingar mot administrasjonen for bevisst å ha lagt fram tal som støtta deira syn: å trykke på pauseknappen.

Eit gjennomgåande argument førre gongen saka var til behandling i kommunestyret, var at prosjektet ville vere meir eller mindre sjølvfinansierande. Til møtet måndag hadde administrasjonen lagt fram tal som viser at dette prosjektet er ganske langt frå å vere sjølvfinansierande. Faktisk viser tala at kommunen vil gå i minus med nesten 650.000 kroner i året etter renoveringa. Noko av kritikken mot administrasjonen gjekk på at ein har rekna med ei rente på tre prosent og det mange kalla eit konservativt anslag på leigeinntektene. Det vart også kritisert at ein ikkje har rekna inn kva renovering av bygget vil ha å seie for til dømes rekruttering av kompetanse til kommunen – og med det nye innbyggjarar som i sin tur fører med seg auka skatteinntekter og rammetilskot. Den vanlege kreative leiken med tal der altså, som fekk ordføraren til å slå fast at prosjektet er sjølvfinansierande – i prosjektet si levetid.

– Dette er viktigaste utleigeeigedommen i Norddal kommune. Og økonomi – om vi alltid skal høyre på økonomane, skjer det ikkje mykje utvikling, slo ordføraren fast.

Og der var ein inne på ein nokså besynderleg argumentasjon frå dei som enda med å utgjere mindretalet denne gongen. I eine augneblinken var det viktig å ha utleigebustader fordi kommunen må kunne stille bustad til disposisjon til mellom andre vanskelegstilte, i neste augneblink var ikkje det så viktig – for Olavsgata 8 skulle vere for dei med evne til å betale ti tusen eller meir i husleige, dei andre, dei utan slik betalingsevne kunne ein plassere andre stader.

– Når det gjeld betalingsevna for dei som skal vere i huset, tenkjer eg at kommunen har eit visst tal bustader, og plasserer dei med minst evne der det er minst attraktivt å bu og plasserer dei med evne der det er attraktivt, sa ordføraren.

Ti år gammalt prosjekt

Ordføraren heldt på at dette er eit prosjekt som går heilt attende til 2009 og såleis ikkje vert råka av vedtaket fellesnemnda gjorde i mai om å setje alle investeringsprosjekt på hold inntil vidare.

– Eg er av dei som kjem til å stå på det som er vedteke tidlegare fordi eg er overbevist om at det er rett og riktig. Og overfor Stordal har vi ei rein sak, det er ingen grunn til at dei skal føle seg forsmådde i denne saka. Dessutan er dette ei stor prinsipiell sak på grunn av eigarskap, i tillegg til at dette er den viktigaste eigedommen i Norddal kommune, slo han fast og kalte desse leilegheitene dei mest populære og mest nytta leilegheitene i kommunen.

– Utidig innblanding

Viktor Valdal (Tvpl) peikte på forholdet til Stordal og minte om fjellvettregelen som seier at det er inga skam å snu. Han fekk støtte av Alv Ivar Eliassen (Ap) som minte om at det er andre prosjekt som må prioriterast før Olavsgata 8 og ramsa opp mellom anna omsorgsbustader i Valldal, Hjellevegen og Muribugen.

Håkon Myklebust (Sp) sa at dette var første gongen som kommunestyrerepresentant han har opplevd mindretalsanke.

– Det slår meg at Tverrpolitisk liste og Fjord Høgre har gjort dette til den viktigaste saka i valkampen. Det er eit paradoks, dette er ikkje noko stor sak sjølv om det rett nok blir fleire millionar meir enn budsjettert, men det er vanleg. Vi taper vel denne saka, og det er greitt, men behovet er der i Norddal kommune og det er Norddal kommune enn så lenge. Eg er innvalt for Norddal kommune på programmet då og der stod det mellom anna bustader i sentrum av Valldal, sa han. Myklebust meinte at det er viktig at kommunen har hand om leilegheitene, både for å sikre dei svake som ikkje kan sikre seg bustad på anna vis, men også med tanke på rekruttering. Og han var slett ikkje sikker på at å overlate bygget til private gjennom sal er rett. Han meinte også at det er feil å bli skulda for ikkje å ha tenkt på økonomien i Fjord kommune og viste til at på førre kommunestyremøte blei omsorgsbustadprosjektet skrinlagt, nettopp med tanke på økonomien.

– Vi stoppa ei investering i hundremillionarklassen på det møtet og så vedtok vi å ruste opp dei leilegheitene i staden. Det er framleis dyrt, men vi hevdar at med husleigeinntekter så skulle dette omtrent bere seg økonomisk. Så blir vi sabla ned av administrasjonen som har gjort seg flid for å stoppe prosjektet, tordna han og la til at om ein ser litt stort på det, så er dette prosjektet omtrent sjølvfinansierande. Myklebust var også kritisk til det han meiner er utidig innblanding frå ordførar i Stordal.

– Ordførar i Stordal kommune har engasjert seg og trampa i våre bed. Eg har ikkje stilt spørsmål ved kva dei gjer, eg er i Norddal kommunestyre. Dei får styre sitt bu så lenge dei skal gjere det, og det same gjer vi, sa han.

Viktor Valdal gjekk prompte på talarstolen og tilbakeviste at dette var blitt ei valkampsak. I tillegg syntest han skuldingane Myklebust kom med var ufine.

Varaordførar Per Magnus Berdal (Sp) gav til kjenne at han har ombestemt seg, sjølv om han framleis stiller seg fullt og heilt bak skrivet til ordføraren.

– Så kom det ein god del reaksjonar, både i media og direkte til meg og saka har for min del modna litt og eg har fått tenkt meg om. Eg trur det er best med eit kvileskjer no og gå tilbake til vedtaket i formannskapet, meinte Berdal og fremja det vedtaket på nytt.

Terje Linge (SV) var også av dei som var del av fleirtalet som vedtok å gå i gang med renovering av kraftverkbygget men som no har ombestemt seg.

– Det er to partar som skal bli éin i 2020. Då ville det vere fornuftig å få ei samla oversikt over investeringar framover slik at ikkje det første som skjer er at vi hamnar på Robek, sa han.

Kjell Arne Valdal (Ap) var overraska over engasjementet i denne saka, men såg ingen grunn til at denne saka skal øydelegge noko i samanslåingsprosessen. Han kritiserte administrasjonen si styring av prosjektet og meinte at det rett og slett ikkje har vore godt nok. I tillegg var han av dei som var kritiske til administrasjonen sitt talmateriale, mellom anna at leigetakarane i første etasje er subsidierte, i tillegg til at han syntest at ei lånerente på tre prosent var for høgt. Han meinte at det – medrekna både sånn og slik – er 1,3 millionar i inntekter som ikkje er med i administrasjonen sine tal.

Ledig i Eidsdal

Alv Ivar Eliassen (Ap) reagerte på påstandane om at det ikkje er kommunale bustader til utleige.

– Det er tre ledige leilegheiter i Eidsdal, to store og ei lita, så vi skal ikkje svartmåle heilt. Om dei må ta ferje, er heilt likegyldig, vi må sjå heilskapen, ikkje berre Sylte. Det er ei sørside også, meinte han. Til det svara ordføraren at det er rett at der er utleigebustader på sørsida, men at når andre bygder blir nemnde i utleigesamanheng, så vil folk helst bu i kommunesenteret.

Svein Linge (Tvpl) vart provosert då representanten Myklebust sa at dette var ei valkampsak for Høgre.

– Eg har aldri vore Høgre og kjem aldri til å bli det, sa han og la til at om dette prosjektet er så godt, og han har tillit til at også komande politikarar vil sjå at det er eit godt prosjekt.

– At det hastar no, vitnar om at ein ikkje trur at ein har eit godt prosjekt, meinte han og la til at han heller ikkje ville vere med på kritikken av administrasjonen.

I ein replikk stilte Håkon Myklebust spørsmål om kvifor ein sit i kommunestyret.

– Er ikkje det for å gjennomføre vår politikk? Skal vi ikkje utnytte vårt fleirtal? undra han.

– Tidspunkt og timing er også veldig viktig i politikken, var Svein Linge sitt svar på replikken.

Også Anders Jørgen Gjerde (Sp) var kritisk til tala administrasjonen hadde lagt fram. Dessutan meinte han at både Byrg og Storfjordnytt, som leiger lokale i første etasje, har for billig husleige. I tillegg lurte han på kvifor ikkje administrasjonen hadde tatt med inntekter på fjernvarme.

– Det er jo Norddal kommune som eig det meste av fjernvarmeselskapet. Det verkar som det er om å gjere å få høge driftsutgifter og låge driftsinntekter på prosjektet. Og lånerente … Det er ingen grunn til å operere med ei rente på tre prosent, men kanskje administrasjonen ikkje er så glad i prosjektet, meinte Gjerde og meinte i tillegg at ein må ta med i reknestykket auka skatteinntekter til kommunen.

– Fjord kommune må ha utleigebustader i Eidsdal, Stordal og Valldal. Men ein kan ikkje tvinge nokon til å bu i Eidsdal om dei skal jobbe i Stordal, dei må stå fritt til sjølv å velje kvar dei vil bu. Å renovere kraftverkbygget er den beste løysinga trass alt, meinte han og delte ordføraren si oppfatning om at dette er den beste tomta i bygda.

– Eg meiner prosjektet er kome så langt at det ikkje kan stoppe opp no, sa Gjerde.

Kristin Sandnes (Sp) meinte at økonomi ikkje er nokon ekstakt vitskap – anna enn etterpå og la til at økonomi også handlar mykje om psykologi – det er dei som tek risiko og dei som vegrar seg for å ta risiko.

– Om vi skal høyre på sistnemnde, er det ingen grunn til å ha kommunestyre i Fjord kommune, då bur vi alle i byen og klamrar oss ikkje fast i grisgrente strok, sa ho og meinte det er politikarane si rolle å ta risiko på vegner av dei som vil bu her og at å investere i fast eigedom er trygt og at ein alltids kan selje seinare – om det skulle vere nødvendig.

– Det er liten risiko å investere i noko vi eig og som vi har bruk for. Når det gjeld samarbeidet med Stordal, føler eg at stordalingane kastar stein i glashus. Det løner seg som kjent ikkje og er ikkje bra for vidare samarbeid. Det var eit lovleg fleirtal i saka i Norddal kommunestyre i ei sak som har vore i gang i ti år, og eg synest det er utidig innblanding i vårt arbeid, sa ho.

Vil ikkje selje

Fleire uttrykte uro med tanke på kva som skjer med bygget om det no ikkje blir gjort noko med det, eller om det blir seld.

Myklebust peikte på Norddal kommune i mange år har hatt som politikk å kvitte seg med kommunale bustader.

– Nesten alt er blitt selt og nokre få er blitt kjøpte tilbake. Det som er situasjonen no er at vi har temmeleg lite kommunale bustader att, sa han og meinte at sjølv om det er bustader i dei andre bygdene, så ønskjer folk å bu sentrumsnært, sa han og la til at han synest det er viktig at kommunen har hand om leilegheitene i Olavsgata 8.

– Eg er ikkje sikker på at det er rett å overlate dette til private, dei skal tene pengar og dei kan også nekte folk å flytte inn. Eg vil at kommunen skal sitje på bustader i Valldal sentrum, sa han.

Kjell Arne Valdal meinte at det er ingen i dag som vil investere i eit bygg med tanke på utleige.

– Dei vil selje og ha forteneste, sa han og viste til at det heller ikkje er nokon som så langt har meldt seg som kjøpar.

Ordføraren minte om at det har vore eit unisont krav frå alle grupperingar om at ein må ha utleigebustader og at det aldri tidlegare har vore snakk om sal, men derimot å behalde bygget.

– Om vi no går vekk frå dette så kvittar vi oss med fire utleigeleilegheiter som vi har behov for og reduserer tilbodet som er for lite frå før, sa han, men kunne forstå at det i ein økonomisk pressa situasjon kan vere freistande å selje.

– Om det blir seld, kan dette i verste fall bli selt som fritidsbustader, det er den som byr høgast som normalt får tilslaget og får bestemme bruken. Eg ser på det som relativt dramatisk, sa Sandnes.

– Om vi ikkje no går til renovering, er dette skjebnetimen for kraftverkbygget, då vil det bli seld med dei konsekvensane det vil få. Og dette er den viktigaste utleigeeigedommen i Norddal kommune, sa han og presiserte at han er sterkt imot eit sal.

Anders Jørgen Gjerde hadde gjort seg nokre tankar om kva som skjer med bygget om det ikkje blir gjort noko med det.

– Om bygget vert lagt ut for sal, synest eg det ville vere ein katastrofe. Då rår ikkje kommunen over bygget legger og vi risikerer at kjøpar legg leilegheitene ut for sal. Då kan vi risikere at det blir feriebustader, eller vi kan risikere å få ein kjøpar som ikkje gjer noko med bygget men som vil vente og sjå. Då rår vi ikkje med det, det synest eg er synd, sa han.

– Må svelje kamelar

Ragnar Lødøen (uavhengig representant) var del av fleirtalet førre gongen, og han gav på møtet måndag klart uttrykk for at han sluttar seg til det Arne Sandnes skreiv i Storfjordnytt.

– Men det er ikkje det som er problemet no, sa han og forklarte kvifor han har valt å ville gå attende til vedtaket gjort i formannskapet.

– Vi har ei oppgåve no og det er å byggje ein ny kommune. Så får vi svelje dei nødvendige kamelar og slutte å ri kjepphestar for å vise at vi har rett. Det er vår simple plikt no å sørge for at vi får etablert ein kommune. 15 millionar er ingenting om vi øydelegg den anda og samarbeidet som legg grunnlaget for vidare framgang. Ein god del av årsaka til at ein no har hastverk, er at ein tidlegare ikkje har gjort jobben sin, slo Ragnar Lødøen fast.

– Eg må seie eg blir nærast sjokkert. Eg føler ordføraren sitt innlegg viser ein staheit som ikkje er sann. Ein må kunne innrømme at ein tar feil ein og annan gong, sa Viktor Valdal og minte om andre prosjekt som har pågått i årevis.

– Kor mange år har Hjellevegen gått? Eller Muribugen? Det er ikkje berre dette bygget. Det er ikkje eit påbegynt prosjekt berre fordi nokon flyttar ut. Og kommunale bebuarar, skal dei betale ni-ti tusen, har dei råd til det? Eg tvilar på det, sa han og la til at han synest kritikken av administrasjonen både var urimeleg og nesten graverande.

– Prosjektet er ingen garanti for at det blir fleire innbyggjarar i Norddal. Eg synest de har tynne argument. Og at de presterer å seie at dette er sjølvfinansierande når rådmannen legg fram noko som seier det stikk motsette, synest eg er heilt fantastisk, slo han fast.

– Representanten Valdal brukar ord som vanvittig og sjokkerande. Det er relativt sterke uttrykk, meinte ordføraren og la til at staheit kan vere både ein god og ein dårleg eigenskap.

– Eg handlar i politikken ut frå kva eg har tru på, ikkje ut frå kva som er behageleg, komfortabelt og smigrande. Eg meiner at denne saka er så tydeleg og rein at det er ingen grunn til at stordalingane skal føle seg forulempa på noko vis. Alle som er med på fleirtalsvedtaket står bak tilsvaret, la ordføraren til.

– Det er en tøff debatt dette, det var det sist også. Om dere følte eg brukte harde ord, kan eg unnskylde det. Eg skal ikkje påstå at eg har rett, men eg står for det eg seier, svara Viktor Valdal i ein replikk.

– Eg er ikkje tidlegare ordførar, men eg har nokolunde godt vit og greier å gjere meg opp ei meining utan avisinnlegg og andre sine påstandar. Eg er heller ikkje økonom, men eg veit såpass at når det står minus framføre eit tal, så manglar det pengar. Dette vil gå ut over den generelle drifta vidare og andre prosjekt. Vi har Hjellevegen som har hengt over oss i årevis, vi har renovering av Eidsdal skule og drift av helse, sa Laila Olsen (Sp) og gav til kjenne at ho ville gå for å sette prosjektet på vent inntil ein har ein heilskapeleg investeringsplan for den nye kommunen.

– Dessutan, ni-ti tusen for ei utleigeleilegheit synest eg er dyrt. Og at Olavsgata 8 er kommunen sin viktigaste eigedom, er å dra det for langt, det er mange viktige eigedommar her i kommunen, sa ho.

Røysting

Då det omsider vart røysta i saka, vart vedtaket frå førre kommunestyrebehandling sett opp mot formannskapet si innstilling som var fremja av Per Magnus Berdal. Røystinga enda med at elleve røysta for å avvente saka, seks røysta for å gå for renovering av bygget. Dei som denne gongen utgjorde fleirtalet, var medlemmane i Tverrpolitisk liste saman med Ragnar Lødøen (uavhengig), Per Magnus Berdal, Inger Anne Aarset og Laila Olsen (alle Sp), Alv Ivar Eliassen (Ap) og Terje Linge (SV).

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no