Fleirtalet i fellesnemnda ville ikkje ta opp sak om å sjå på konsekvensane av å snu om på intensjonsavtalen

Fellesnemnda var tysdag samla til sitt siste ordinære møte. Her vart den valtekniske avtalen mellom Arbeidarpartiet og Høgre gjenstand for diskusjon.

I helga vart det klart at ein valteknisk avtale mellom Arbeidarpartiet og Høgre, med støtte av Framstegspartiet gjer at Eva Hove (Ap) blir den første ordføraren i Fjord kommune. Den valtekniske avtalen snur også om på intensjonsavtalen som vart inngått mellom Stordal og Norddal kommunar i desember 2016. Det er denne avtalen som har danna grunnlaget for alt arbeid fellesnemnda og administrasjonen dei siste par åra har gjort med tanke på å skipe den nye kommunen. Å snu om på intensjonsavtalen har vakt reaksjonar og usikkerheit, og det var grunnen til at saka også vart diskutert då fellesnemnda tysdag var samla til sitt siste ordinære møte ifølgje møteplanen.

– Saka er ikkje utgreidd

Det var Kristin Gilje Sandnes (Sp) som i starten av fellesnemndmøtet bad om å få sett ei sak på sakslista der ho ønskte å få belyst konsekvensane av den valtekniske avtalen mellom Arbeidarpartiet og Høgre. Ho bad også om å få det protokollført at ho bad om dette. Kristin Gilje Sandnes var kalla inn som vara for Arne Sandnes som hadde meldt forfall til møtet.

Det vart i stor grad ein diskusjon mellom leiar av fellesnemnda, Eva Hove, og Kristin Sandnes.

– Det er fellesnemnda som må vurdere å ta opp saka. Den er ikkje utgreidd, men eg kan gje ei orientering, var det umiddelbare svaret til leiar av fellesnemnda på ønsket til Sandnes.

– Vi ønskjer å vite kva avtalen vil føre til i og med at intensjonsavtalen ikkje gjeld lenger. Rådmannen har bygd opp den nye organisasjonen rundt den og når den no vert lagt død, vil vi vite konsekvensane av det, heldt Kristin Sandnes fram.

– Det er gjort ein avtale mellom to politiske parti med støtte frå eit tredie og det er ikkje tema for fellesnemnda, men for eit nytt kommunestyre, svara Hove.

– Eg ber om å få utgreidd konsekvensane av dette, sa Sandnes.

Ikkje tema for fellesnemnda

Rådmann Karl André Birkhol kommenterte at det ville vere vanskeleg å ta dette som ordinær sak no, men rådde til at det vart gitt ei orientering om kva som ligg i avtalen.

– Orientering kan gis, men ikkje å ta opp ei ny sak som omhandlar intensjonsavtalen, meinte Hove, noko Sandnes ikkje syntest var tilfredsstillande.

– Eg vil gjerne fatte eit vedtak. Her er det brukt mange år på å lage ein struktur i tråd med intensjonsavtalen – og eg ber om ei konsekvensutgreiing om kva denne nye avtalen vil føre til, sa ho.

– Vi har ein intensjonsavtale vi skal forhalde oss til. No er det inngått ein avtale mellom to parti, men ingenting er vedteke, presiserte Olav Løvoll (Ap) og fekk støtte frå Eva Hove som meinte at intensjonsavtalen ikkje er tema på fellesnemndmøtet.

– Men vi kan gi ei orientering om kva som ligg i avtalen som er inngått, det hadde eg då også sett på agendaen, sa ho.

Lang prosess

John Helge Larsen (Ap) meinte at om ein skulle gå inn i den store saka om intensjonsavtalen, så må den utgreiast først. Han meinte også at det er det nye kommunestyret som skal vedta eller ikkje vedta den valtekniske avtalen som er inngått.

– Vi i fellesnemnda må forhalde oss til intensjonsavtalen som er inngått og ikkje begynne å skubbe på dette i siste liten, det greier vi ikkje, meinte han og la til at det har vore ein lang prosess med å lande både det eine og det andre.

– Eg ser også at det er ein del misforståingar ute og går om dette, men å ta saka opp som sak på dette møtet, vil eg rå ifrå, meinte Eva Hove.

– Eg er samd i det John Helge Larsen seier om at det er brukt lang tid på denne prosessen og eg minner om at Høgre og Arbeidarpartiet har fleirtal i fellesnemnda, sa Kristin Sandnes og la til at det har skapt mykje uro blant både tilsette i kommunane og hos veljarane når ein kan lese i avisene at intensjonsavtalen ikkje gjeld lenger.

Fleirtal for ikkje å realitetsbehandle

Diskusjonen enda med at det vart røysta over om saka skulle realitetsbehandlast på fellesnemndmøtet. Tre representantar (Kjersti Ruset Hjelle, Laila Olsen og Kristin Gilje Sandnes) røysta for realitetsbehandling, dei fem andre røysta mot, dermed vart ikkje saka sett på sakslista og realitetsbehandla i møtet tysdag.

Orienteringa

Så kom ein etter kvart over til orienteringa frå leiar av fellesnemnda – som tok fellesnemnda gjennom litt av forhistorien som enda med at forhandlingsutvala frå Norddal og Stordal vart samde om den intensjonsavtalen som vart signert. Hove sa at det ikkje vil vere slik at Valldal mister rådhuset, det gjer heller ikkje Stordal, men den inngåtte avtalen betyr at når hovudhelsehuset – med dei arbeidsplassane som er knytt til det, vert å ligge i Valldal, så skal det kompenserast med at administrative funksjonar på administrasjonssjef-/rådmannsnivå blir flytta til Stordal slik at kommunesenterfunksjonen vert i Stordal.

– Det er snakk om relativt få stillingar som blir flytta, kva stillingar dette gjeld, kan ikkje politikarane vedta, sa ho og med det meinte ho at det er prosessar som må følgjast når det gjeld dei tilsette.

– Det må vere det nye kommunestyret som bestemmer korleis dette skal vere og avtalen går på at vi vil gå inn på noko slikt, men detaljutforminga kan ikkje gjerast politisk, sa Hove.

– Du seier at ein ikkje kan detaljstyre dette politisk, men det er det som har vore gjort i fellesnemnda, svara Kristin Sandnes og viste til at administrasjonen var klar for å presentere bemanningsplanen for fellesnemnda, men ikkje gjer det no likevel.

– No skal dette kastast heilt om på og vi skal begynne heilt på nytt, la ho til og lurt på kvar det vart av respekt for administrasjonen og dei tilsette i dette.

– Omsynet til administrasjon og tilsette er fordi det er reglar for drøfting og medverknad. Kommunen er ein politisk styrt organisasjon og intensjonsavtalen er eit politisk dokument som seier noko om føringar som ligg til grunn. Men intensjonsavtalen er ikkje eit detaljert dokument ned på stillingsnivå og det er rett at administrasjonen har jobba ut frå den. Vi kastar ikkje om på heile den planen, men vi har gjort nokre endringar. Om ein ønskjer den endringa at helsehuset skal vere her med dei stillingane som ligg til det – som eg har oppfatta som viktig – så må det ha ei anna side ved seg. Då har ein allereie kasta om på planen som ligg der, sa Hove.

Viktor Valdal (Tvpl) la til at ein har vore opptekne av å halde investeringane på eit så lågt nivå som mogleg.

– Dess meir vi kan spare på investeringar, dess meir har vi til drift, sa han og meinte at ekstraarbeidet knytt til å snu om på dette er udramatisk og at ein vil få ein langsiktig og god løysing for Fjord kommune.

– Då er det merkeleg at ikkje dette har kome betre fram i fellesnemnda, for her har det vore semje. Og så etter valet skal ein snu om på ting som er vedteke av eit fleirtal i fellesnemnda … Kva har vi sitte i fellesnemnda for då, undra Laila Olsen (Sp).

– Om ein les protokollen frå møtet i mars, føreslo eg i fellesnemnda å ta ein ny runde på vurdering av funksjonar av omsyn til økonomi. Eg vart nedstemt. Dette er ikkje noko som har skjedd over natta, og vi gjer det med dei beste intensjonar for Fjord kommune, svara Valdal.

– Ein må ta inn over seg at dette ikkje har vore kommunisert klart til veljarane og dei tilsette, det er frustrasjon ute og går og mange er skuffa, svara Kristin Sandnes som ikkje trur dette vil bidra til godt samarbeidsklima framover.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no