Fleirtalet vil til Stranda

Innbyggjarane i bygdene Eidsdal og Norddal har sagt sitt, og fleirtalet vil at kommunegrensa i framtida vil vere tråd med dette kartet.

57 prosent av dei som har svart på spørsmålet frå Fylkesmannen i høve grensejustering, har svart at dei vil at bygdene Eidsdal og Norddal skal bli del av Stranda kommune. Liabygdarane vil vere der dei er.

Fylkesmannen har motteke dei førebelse resultata på innbyggjarundersøkingane som er gjennomførte i samband med grensejusteringssøknader i Møre og Romsdal.

Eidsdal og Norddal

For bygdene Eidsdal og Norddal som har søkt seg til Stranda kommune, har 27 prosent av dei spurde svart at dei vil bli i Norddal kommune – og etter kvart nye Fjord kommune. Heile 57 prosent av dei som har svart ønskjer overflytting til Stranda kommune. 17 prosent har svart at dei ikkje veit. Svarprosenten i dei to bygdene var på 76 prosent.

Liabygda

For bygda Liabygda der Kommunal- og moderniseringsdepartementet har bede om utgreiing av flytting til nye Fjord kommune, har 69 prosent av liabygdarane svart at dei ønskjer å bli i Stranda kommune, medan 26 prosent har svart at dei ønskjer overflytting til nye Fjord kommune. Fem prosent svarte at dei ikkje veit og svarprosenten i Liabygda var 74 prosent.

Fylkesmannen er nøgd

Fylkesmannen seier på nettsida si at endeleg sluttrapport frå Opinion som har gjennomført undersøkingene på vegner av fylkesmannen, vil liggje føre i veke seks og at ein då vil få dei endelege resultata med forklaringer. Fylkesmannen har offentleggjort dei førebelse resultata på bakgrunn av førespurnad frå kommunane. Opinion skal ha meldt til Fylkesmannen at det er lite truleg at hovedfunna som vert presenterte i veke seks vil vere vesentleg forskjellige frå det førebelse resultatet. Kommunane vil få dette til uttale, og kommunane har frist til 1. mars med å kome med sine høyringssvar.

Fylkesmannen seier at innbyggjarane er blitt oppmoda til å delta i undersøkinga – og Fylkesmannen er svært nøgd med svarprosenten i dei fem grensejusteringssakene i fylket.

Svara i dei andre innbyggjarhøyringane finn de her: https://www.fylkesmannen.no/More-og-Romsdal/Om-oss/Presserom/Forelopig-resultat-fra-innbyggarundersokingane/

Meir om denne saka i papiravisa torsdag.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no