Folkedansgruppa i Stordal og Valldal

Det går ikkje mange taktane før dansegolvet fyllast, kanskje ikkje så rart, når det er Folkedansgruppa i Stordal og Valldal som inviterer til dansekveld i Stordal.

Ein kveld med både takt og tone.

Dansekvelden i Stordal sist laurdag var det mange som visste om. Dansarar frå Sykkylven, Tresfjorden, Rauma og andre stader var møtt fram for å svinge seg i dansen.

Det var folkedansgruppa i Stordal og Valldal som inviterte til dansekveld i grendasalen i Stordal.

Mat fyrst

Dei starta med ein god middag, det var om lag 100 til bords. Det blei servert biffgryte med godt tilbehør som Nilsgardstunet hadde laga. Den skulle halde kroppen i gang til langt ut på kvelden. Frå kjøkkenet kjem Anne Marit Johansen. Ho har på seg eit forkle og driv og ryddar opp etter maten.

– Maten og praten smakte godt og no må vi få rydda salen så dansen kan starte. Så snart vi er ferdig på kjøkkenet, hiv vi forkleet og kastar oss ut i dansen, seier ho muntert.

Spelemannslaget

Ute i gangen kjem det fleire folk som vil inn å danse. Ei lita gruppa frå Tresfjord veit det er bra musikk og liv på desse dansane og har vore her før, danseskoa har dei med i veska.

– Eg skal berre sjå om det er nokon eg kjenner her i kveld, ikkje for det, eg dansar med dei eg ikkje kjennar òg, seier ei dame frå Tresfjord. No finstemmer dei frå scena og om berre få minutt spelar Valldal spelemannslag opp til dans. Dei er så klare som det går an og speleglede lyser i andleta deira.

Dans og moro

Så er dansen i gang og dansarar og musikarar bryner seg på kvarandre og spelar og dansar seg inn etterkvart som kvelden går. Vi som synest det ikkje er noko kjekt å ha det moro, må finne oss noko anna å gjere, medan folkedansgruppa i Stordal og Valldal og gjestane deira, dansar lettbeint og nærast flyg rundt på dansegolvet resten av denne fine laurdagskvelden.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no