Folkemøte og folkerøysting

Kommunestyret i Norddal skal torsdag om ei veke ta stilling til om det skal vere rådgjevande folkerøysting i samband med kommunereforma.

Saka i kommunestyret handlar om den intensjonsavtalen som er gjort i samaband med landkommunalternativet i tillegg til korleis dei skal arbeide vidare med saka. Ordførar Arne Sandnes seier det ligg i korta at det vil bli framlegg om rådgjevande folkerøysting. Dei ser føre seg å skipe til folkemøte i forkant av folkerøystinga. Folkemøta vil bli haldne i alle fem bygder, Norddal, Eidsdal, Tafjord, Fjørå og Valldal. Dei to første møta blir lagt til 25. og 26. april, medan dei tre andre går nokre av dei første dagane i mai.

– På møta vil det bli orientert om status i arbeidet, samstundes som folk vil få høve til å seie kva dei meiner, eg håper mange vil møte fram, seier Sandnes.

Kva dag det vert folkerøysting er noko usikkert, men målet er å halde den 19. mai, samstundes med dei fleste andre i området.

– Eg meiner at alle skal få høve til å seie meininga si i denne saka, som er den viktigaste saka etter krigen, seier han og legg til at det ikkje er noko krav om folkerøysting.

Randi Flø
randi@storfjordnytt.no