Folket langs Storfjorden

Jostein Dalen er ein av dei som har skrive lesarinnlegg i førre vekes avis.

Små kommunar er avhengig av mange interkommunale samarbeid. Norddal/Stordal (Fjord) er eit slikt eksempel. Dei tidlegare samarbeida med Ørskog og Skodje går no inn i Stor-Ålesund, og det vert fleire! På sikt fryktar vi at det vil føre Norddal/Stordal inn i denne storkommunen. Liabygda står i fare for å bli teke med i dragsuget, noko som er vår største frykt. Vi trur at dei som bur inne i fjorden veit best kvar skoen trykkjer. Med makta sittande i byen, og med ubetydeleg påverknad, styrer vi ikkje lenger skuta. Om politikarane i Stordal/Norddal bed med seg Stranda på laget, vil det vere beste vaksinasjon mot ei slik sentralisering. I tillegg til rasjonelle og gode løysingar kring kommunal drift, vil felles utfordringar som kulturarv, Åknes/Tafjord, reiseliv og næringspolitikk mm takast i vare.

Norddal og Stordal kommunar vil slå seg saman. Eidsdal og Norddalsbygda ynskjer å gå over til Stranda. Geiranger ynskjer å høyre til Stranda(?), og Liabygda ynskjer å vere på lag med alle. Stranda kommune ynskte seg saman med Norddal men vart avvist. No ber Stranda kommune om å kjøpe oppveksttenester (Liabygda skule) i Norddal/Stordal. Ordførarane i Fjord kommune vil heller diskutere grensejusteringar! Burde ikkje folket her inne i fjorden gå saman? Korleis løyser vi dette til beste for innbyggarane?

Er det ikkje berre for liabygdarane å slå seg saman med Norddal og Stordal? Liabygda er ein del av Stranda kommune, og då er det nærliggande å be med heile kommunen! Stranda kommune har fått orden på økonomien, næringslivet går så det susar, og det er inga konflikt mellom bygdelaga. I Geiranger signaliserast det same synet.

Vi som har måtte leve med både ei og to fjordkryssingar for å nå kommunesenteret, ynskjer altså   framleis å vere på lag med Stranda. Kommunepolitikarane i Norddal beskriv det nærast som ein uoverstigeleg barriere!

Vi har ikkje sansen for at alt skal bli større! Men ute i distrikta vert det født færre ungar, og det vert fleire eldre. For at kommunane skal kunne yte gode tenester, krev det at økonomien er under kontroll. Ein effektiv og rasjonell drift må ligge i botnen, og då må vi ikkje ruste oss slik at det er kommunegrensene som skapar hindringa for dette.

Ein må kunne undre seg over kvar denne motstanden mot Stranda kjem frå, og kor godt denne frykta er forankra hos innbyggjarane, jfr Norddal/Eidsdals ønske om å forlate kommunen.  Ein av grunnane kan vere frykta for sentralisering. Fjorden set etter vår meining ein effektiv stoppar for det. Folk må ha tenestene der dei bur, og det er i så fall tenesteytaren som må krysse fjorden. Då er vi langt meir engsteleg for å hamne i Stor-Ålesund. 

Når Stranda kommune ynskjer å kjøpe tenester på nordsida av fjorden bør dei takast imot med opne armar, og så får kommunegrensene vere ei anna sak. I den diskusjonen skal også Eidsdal, Norddal og Geiranger vere med!

Anne Melgård Tårn
Kristian Stornes
Jostein Dalen
liabygdarar, Stranda Senterparti