Første nyfødde i Fjord kommune får fin gåve

Sjølvstrikka plagg som dette har ordførar i Stordal, Eva Hove, gjort det til ein tradisjon å gje vekk til alle nyfødde stordalingar. No har ho fått med seg fellesnemnda på å gje den første nyfødde i den nye kommunen eitt års gratis barnehageplass. Foto utlånt av Eva Hove.

Fellesnemnda bestemte denne veka at det første barnet som blir fødd i Fjord kommune, får eitt års gratis barnehage.

Denne gladnyheita er det leiar av fellesnemnda, Eva Hove, som kjem med.

Fint symbol på ny kommune

Ho fortel at ho har gått og tenkt på dette ein stund før ho denne veka presenterte idéen for fellesnemnda.

– Fellesnemnda reagerte med stor entusiasme og gjekk for framlegget mitt, seier Hove til Storfjordnytt.

Det betyr at det er vedteke at den første nyfødde i Fjord kommune får gratis barnehageplass i eit heilt år.

– No er det om lag ti månader att til Fjord kommune er eit faktum, så no er det eigentleg passeleg tid å gjere dette kjent slik at folk kan setje i gang med planlegginga, seier ho og synest at også symbolikken er god.

– Eit nyfødd barn er ein start på eit nytt kapittel og eit godt symbol på den nye kommunen, seier ho og fortel at fellesnemnda med dette ønskjer å markere at barn er velkomne i den nye kommunen.

– Vi kan tilby eit godt barnehagetilbod og gode oppvekstvilkår i heile kommunen, seier Hove og legg til at nye innbyggjarar generelt og barn spesielt er veldig velkomne.

– Vi treng fleire barn i Fjord kommune, slår ho fast.

Strikkande ordførar

Som ordførar i Stordal kommune har Eva Hove i lengre tid vist at ho set pris på alle nye stordalingar ved å invitere nyfødde og foreldra deira til ordførarkontoret for ein prat og for å gje vekk ein sjølvstrikka dress til den nye stordalingen. Ho seier at idéen om gratis barnehageplass til den første nye «fjordingen» på eit vis er ei naturleg fortsetting av denne tradisjonen.

– Eg synest Fjord kommune også kan ha fokus på dette og at barnehageplass i eit år kunne vere eit fint symbol på den nye kommunen, seier ho og avsluttar med å oppmode blivande foreldre til å starte planlegginga.

– Timing blir viktig framover, slår ho humoristisk fast.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no