Frå levande muskel til mat på fat

Hjortevilt er ein ressurs som må takast godt vare på. Gode jaktvener frå hjortejakta i 2013 i Liabygda. Frå venstre: Jostein Dalen, Jostein Tårn, Oddmund Ansok og Perry Jarle Ansok. (Arkivfoto)

Da Skoglaget i Stordal i fjor arrangerte kurs i feltkontroll av hjortevilt, fekk dei mange spørsmål frå jegerar som trudde kurset skulle handle om partering og nedskjering av hjortevilt.

Så mange har teke kontakt at i år tek skoglaget i Stordal initiativ til å arrangere eit slikt kurs. Datoen er ikkje bestemt, men kurset skal halda på Nilsgardstunet i Stordal i løpet av hausten.

Harald Jøssvoll tok kontakt med Odd Høiås på Stranda som har lage ei skisse til skoglaget kva kurset kan innehalde og korleis det kan gjennomførast. Denne veka skal dei ha eit møte på Nilsgardstunet om korleis dei praktisk skal gjennomføre kurset.

Odd Høiås har ei årrekkje vore lærar på Stranda vidaregåande skule på matfag og er no pensjonert frå det arbeidet. I dag driv han rådgivingsfirmaet Foodcare AS og er akkurat like engasjert i mat og handtering av råvarer som tidlegare.

– Hjortevilt er ein stor verdi og ein ressurs som bør utnyttast betre. Fleire og fleire jegerar vil investere i kunnskapen for å oppnå best mogleg kvalitet på kjøtet som hjorteviltet representerer og det vil eg gjerne vere med å bidra til, seier Odd Høiås

Kurset vil innehalde mange tema og skal gje kunnskap om kva som skjer med viltet frå levande muskel til det vert servert på ein tallerken.

Kurset vil òg formidle haldningar om god ressursutnytting og auke deltakaranes forståing for korleis viltkjøt bør behandlast for å oppnå best mogleg kvalitet. Grunnleggande kunnskaper om partering, mørning, slaktehygiene, reiskap og elles kreative tips om tilbereding og bruk av hjortekjøt er òg innhald på kurset Stordal skoglag arrangerer saman med Odd Høiås.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no