Frivillig arbeid er kjekt og nødvendig

Hans Gunnar Bruseth og Jan Erich Rønneberg seier det er mykje snø, perfekte forhold og høg tryggleik i alpinsenteret på Overøye i Stordal.

Sist torsdag var det vinterferie og strålande vêr på Overøye i Stordal. 

Hans Gunnar Bruseth og Jan Erich Rønneberg er to av til saman 22 som er med i skipatruljen. Begge bur i Ålesund, har hytte på Overøye og er med på det frivillige arbeidet i skipatruljen. 

Stortrivst

Hans Gunnar Bruseth har hatt hytte på Overøye sidan 2015 og stortrivst i området. Det var ein arbeidskollega som fekk han med i skipatruljen. Dei har vakt i skitrekket ei veke i slengen, ein gong kvar månad. Då køyrer han inn frå Ålesund på kveldskøyringa tysdagar og i helgene.
Det er mange folk som ikkje bur i Stordal som er med på frivillig arbeid i skitrekket på Overøye. Flest er det naturleg nok frå Stordal og arbeidsoppgåvene er mange. Billettluka, trekkvakt, skiutleige, kafé og parkeringsvakter og sikkert mange fleire òg.
Torsdag var det kø i billettluka. Der var Ingvild Mistereggen og Monica Leite. Ingvild bur på Dyrkorn medan Monica held til på Skodje. Dei seier dei har det triveleg saman og at dei gladeleg nyttar fritida si på å skape trivsel i skianlegget og på den fantastisk flotte plassen som Overøye i Stordal er.

Ein fin gjeng

Ingvild Mistereggen og Monica Leite har det triveleg på vakt i billettluka. Ingvild bur på Dyrkorn medan Monica held til på Skodje.

Skipatruljen vart starta for om lag tolv år sidan og dei hjelper folk til rette i trekket, tek vare på tryggleiken og står klare med førstehjelp om nokon er uheldige og skadar seg. 
Hans Gunnar Bruseth har teke fri frå jobb to dagar i vinterferien for å vere i Stordal, på hytta og i skipatruljen og seier det er fint å vere her i staden for å køyre lastebil i byen.
Skipatruljen har unnagjort ein teoridel av eit førstehjelpskurs og laurdag i vinterferieveka skulle Langevåg Røde Kors kome til Stordal for å halde den praktiske delen av kurset.
– Å vere med på frivillig arbeid er ein fin måte å bli kjend med folk på og det er ein triveleg og engasjert gjeng som bruker fritida si og enkelte arbeidsdagar for å gjere skiopplevinga så sikker og hyggeleg som råd for dei som nyttar området og skianlegget på Overøye i Stordal, seier Hans Gunnar Bruseth.

Nytt utstyr må til 

– Det er lenge sidan det har vore kjøpt inn utstyr, så i desse dagar sender vi ut eit brev der vi prøver å engasjere privatpersonar og firma til å vere med å finansiere ein del nødvendig utstyr. Det gjer oss i betre stand til å ta vare på tryggleiken og menneska, seier Hans Gunnar Bruseth.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no