Frustrerte og lei seg over å miste møtestaden

Nokre av dei som var tilstades for den aller siste fredagslunsjen på Kraftsenteret sist fredag. Ein særs talefør forsamling, kan ein trygt kalle dei.

Fredag var siste gongen folk kunne kome til Kraftsenteret i Valldal for å få seg lunsj og sosialt påfyll. Det syntest brukarane svært lite om.

Fredagslunsjen har vore eit populært tiltak frå Kraftsenteret sin side, no er det altså slutt.

Fullt hus

Retteleg mange hadde tatt turen for ein siste lunsj fredag. Då Storfjordnytt kom inn døra, var det ord som trasig, skuffa, sinte og vonbrotne som gjekk att då dei vart spurde om kva dei syntest om dette.

– Vi skal no vere nøgde med det vi har fått, meinte Nils Grønning og fekk umiddelbart motbør frå damene rundt bordet. Sjølvsagt er dei takksame for å ha hatt tilbodet om fredagslunsj og dei synest det har vore svært triveleg å ha ein stad der dei treff folk.

– Men det er framtida det er snakk om her, seier Ellinor Ruset som peikar på at i andre kommunar blir tilbod som dette bygd opp, medan det i Norddal kommune vert bygd ned.

– Det er merkeleg at alt som er bra forsvinn, var det ei anna som kommenterte.

Kva no?

Det vart stilt spørsmål ved kva Norddal kommune har tenkt ut for dei mange som har fått hjelp via Kraftsenteret. Då tenkte dei spesielt på tilbodet til dei yngre med spesielle behov, men også på dagtilbodet til dei heimebuande demente.

– No skal dagtilbodet inn i institusjon, noko av poenget var då vel at tilbodet skulle vere for dei heimebuande for i det lengste å unngå at dei blir institusjonsbuarar, var det ei anna som kommenterte. Ho trudde slett ikkje tilbodet ville bli like populært når det blir flytta opp i arbeidsstova på sjukeheimen.

– For mange har det vore lågare terskel å delta på slikt når det har vore her det har vore. Eg trur mange kvir seg for å bruke tilbodet når det vert flytta, var ein annan kommentar.

Frivilligsentralen blir verande enn så lenge, men etter sommarferien er det også slutt, då flyttar den inn i biblbioteket. Damene rundt bordet slo fast at det slett ikkje blir det same der oppe.

– Dette er så trist atte, reine gravferda er dette, sa ei av damene og alle var samde i at dei ville sakne fredagslunsjen.

Treng hjelp vidare

Litt stas gjorde dei på ho som har organisert tilbodet. Bjørg Sætren Kleppe er ei dei synest svært godt om og ho fekk blomster som takk for innsatsen frå både «den harde kjernen» og den litt mindre harde. Ei rørt Bjørg tok imot blomstrane og sa ho vart tilsett for å lage positive tiltak for ulike grupper i Norddal kommune.

– Det har gitt meg stor glede å halde på med dette og det er trist at det ikkje blir på same måten lenger, sa ho og la til at ho framleis skal jobbe for å få til møteplassar.

– Om de vil hjelpe til, kan vi kanskje påverke i positiv retning for f

Ei rørt Bjørg Sætren Kleppe fekk blomster frå dei som har nytta tilbodet den tida det har vore.

rivilligsentralen. Og så må vi vere synlege, for om det er slik at vi vil ha ein frivilligsentral, om vi vil ha ein møteplass, så må vi seie det ganske høgt, meinte ho. Alle som ein som var til stades ville gjerne hjelpe til med det som måtte vere nødvendig. Og til slutt trøysta Bjørg alle saman litt med å seie at ho framleis vil vere å finne på frivilligsentralen fram til sommaren, iallfall måndag til onsdag. Og så vart dei samde om at det vert stavgang tysdagsformiddagane framover. Dermed er det ikkje heilt over i noverande lokale riktig enno.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no