Full fart på idrettsbasar

Caroline Bjerk Maurstad har kontroll på bøkene og på glaset med snop. Dei som vil, kan gisse kor mange snopbitar glaset inneheld. Vinnaren kan få det med seg heim. Petter Eide har nok å gjere med å skrive i bøkene.

Salet av lappar og årer gjekk strykande da Eidsdal idrottslag heldt den årlege basaren sin. 

Basaren vart halden på skulen i bygda sist søndag. Så snart du var innom dørene var det full servering av kaffi, tombola og kaker.

Etter ei lita økt starta Merete Løvoll Rønneberg ei biletframsyning som viste litt aktiviteten til laget.

Råsryddarar

Bileta snakka for seg sjølve, men etter ei stund informerte Merete litt. Mellom anna om dei aktivitetane laget har opplevd ved å ta del på andre sine arrangement, og kor kjekt det var å vere i lag med dei unge på slikt.

– Vi har fått gode tilbakemeldingar på den jobben vi gjer med å rydde og merke råser. Friluftsrådet synest vi gjer ein god jobb og det skal vi ta til oss. Det er ein dugnadsinnsats som kjem mange til gode og som vi gjerne vil at fleire skal ta del i, sa Merete Løvoll Rønneberg i det biletkarusellen senka farten. Ho minte samstundes om at naturen vi har rundt oss, er ein naturarv vi skal vere stolte av.

Basar

Dei vanlege basaraktivitetane tek til att. Dei unge likar godt å kjøpe lappar på tombolaen. Med ein neve full av lappar er sjansane gode for at dei kan få ein overraskande og moro gevinst. Bøkene ligg på eit bord, og det vert opplyst at det er ein halv time att før dei stenger. Fleire går bort og set seg ned og skriv i håp om å vinne éin eller fleire av dei gjeve premiane laget har fått frå privatpersonar og bedrifter.

På same bordet står eit glas. Dei som vil, kan gisse kor mange snopbitar glaset inneheld. Vinnaren kan få det med seg heim. I ribbeveggen heng overtrekkdressar i ulike storleikar og jakker og bukser for dei som driv med idrett. Der kan dei som vil, kjøpe, prøve og finne rett storleik før dei bestiller. Må du sette deg ned og kvile etter ein runde i salen, får du kjøpt kaker, kaffi og anna drikke.

Kva vi har å by på

Eidsdal idrottslag har eit stort spekter av aktivitetar sommar og vinter og eit flott anlegg på Langereiten. Dei treng medlemmer, slik alle lag gjer for å ha ein sunn økonimi, men er klar over at medlemsmassen svingar med folketalet.

Eidsdal idrottslag har denne eine basaren i året og i tillegg har dei nokre lotteri. I påsketida er det eit på klubbhuset på Løvoll.

– Det gjeld å navigere slik at dei aktive laga i Eidsdal ikkje kjem i vegen for kvarandre med arrangement, er kommentaren frå økonomigruppa. Har du betalt medlemskontingenten i Eidsdal idrottslag, får du mykje att for pengane om du samanliknar med lag andre stader legg dei til.

Denne tida er det bra med folk på fredagstrimmen. Om lag 20 personar i alderen åtte til 56 år (Frode Rønneberg) er med og held kroppen og humøret i form. 

– Mange av aktivitetane i idrettslaget vert òg ein møteplass. Det gir ei god kjensle når vi lykkast med noko i lag, seier Merete Løvoll, som er ansvarleg for aktivitetane i laget. Fjelltrimmen er éin av dei og premieutdeling til dei som har sanka poeng gjennom året, vert delt ut.

Fram med årene

Så set dei i gang to rundar med årar. Det har ein gammal mann lengst bak i salen venta på.

– Eg set inn støytet der eg er best, seier han og finn fram pengane. Han går glipp av fyrste runde, sidan bøtta med årer er tom før ho kjem så langt bak i salen, men han tek det att i andre runden og sit smilande att med eit kinesisk etesett.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no