Fv. 63 Geiranger-Langvatn opnar igjen

Slik såg det ut ved bommen på fjellet fredag. No går vegen frå å vere vinterstengt til på nytt å vere open.

Statens vegvesen opnar fylkesveg 63 mellom Geiranger og Langvatn for trafikk igjen i dag tysdag 13. november klokka 15. Avgjerda er tatt på bakgrunn av det fine været som har vore i det siste og gode vêrmeldingar framover. Dei to snøskreda som førte til at vegen vart stengt sist er no rydda.

Vegvesenet presiserer i pressemeldinga dei har sendt ut at sjølv om det er gode vêrutsikter no, så kan det endre raskt. Om det kjem mykje snø og vind i fjellet vil vegen bli endeleg stengt for vinteren.

– Med prognosane vi har no synes vi det er verdt å prøve. Vi kan ikkje gi garantiar for kor lenge vegen vil vere open. Om det ikkje let seg gjere å halde vegen open med brøytebil og god tryggleik for trafikantar og arbeidsfolk, så må vi stenge for vinteren, seier byggeleiar Kåre Berge i Statens vegvesen og minner om at trafikantane alltid finn oppdaterte trafikkmeldingar på www.175.no.