Fylkesveg 63 austover opnar i dag

Vinteren nærmar seg, og i natt vert Geiranger-Langvatn nattestengd. Illustrasjonsbilete frå i vår på toppen av Dalsnibba.

Statens vegvesen melder at fylkesveg 63 mellom Langevatn og Djupvasshytta opnar klokka 16 i dag, fredag 26. mai. Vegen vidare frå Djupvasshytta og ned til Geiranger opna 15. mai i år.

– Det er framleis mykje snø att ved Stavbrekkfonna. Raset på austsida har gått, men vi ventar framleis på at raset på vestsida skal gå eller smelte ned, fortel byggeleiar i Statens vegvesen, Kåre Andre Berge i pressemeldinga.

Stavbrekkfonna vert overvaka med radar, og Vegvesenets geologar vil følgje nøye med på rørslene her. Vegen kan derfor bli stengt på kort varsel.

– Viss vi skal vente til all snøen forsvinn frå Stavbrekkfonna, kjem vi ut i juli. Vi opnar vegen no og følgjer nøye med på utviklinga. Vi har også sett opp skilt med forbod mot å stoppe på strekninga under Stavbrekkfonna, fortel Kåre Andre Berge.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no