Fjellovergangane på fylkesveg 63 blir kvelds- og nattestengde

Trollstigen vert stengd i kveld og i natt.

Statens vegvesen melder at det er venta mykje nedbør og vind på Nordvestlandet i kveld og natt. Nedbøren legg seg som snø i fjellet.

  • Fv. 63 Trollstigen blir stengt frå klokka 20.
  • Fv. 63 Geiranger-Langvatn blir stengt frå klokka 18.

Det blir gjort ny vurdering om opning i morgon, laurdag. Trafikantar kan halde seg oppdaterte på trafikkmeldingane på www.175.no.

Meteorologisk institutt melder om at det kan bli vanskelege køyreforhald. Statens vegvesen har ein rekke webkamera langs vegnettet som trafikantane kan nytte saman med trafikkmeldingane til orientere seg om føret. Desse er også tilgjengelege på www.175.no.