Fylkesveg 63 er stengt på grunn av ras

Dette bilietet er av Grandefonna då ho gjekk torsdag for to veker sidan. No er det gått eit nytt ras omtrent på same staden. Foto: Caroline Bjerk Maurstad.

For tredje gong på to veker er fylkesveg 63 mellom Geiranger og Eidsdal stengt på grunn av snøras. 

Snøraset gjekk kring klokka 16 onsdag ettermiddag – og i same område som dei to andre rasa, altså ved Grande.

Politiet melder på Twitter kl 16.24 at det ikkje er meldt om at nokon skal vere tekne av raset.

Kjelder melder at rasstaden vert undersøkt frå helikopter no.

Ifølgje Vegtrafikksentralen blir ikkje vegen bli opna i dag. Ny vurdering vil bli gjort i morgon.

Det vert ikkje sett inn rasferje til Geiranger i kveld, men frå og med i morgon tidleg. Sambanda Eidsdal-Linge og Stranda-Liabygda vil dermed gå som normalt onsdag kveld ifølgje Kristin Øverås i Fjord1.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no