Går ikkje i forhandlingar

Fleirtalet i Norddal kommunestyre vedtok i dag å stå på vedtaket frå juni i år om å halde fram som eigen kommune. Forhandlingsutvalet fekk dermed ikkje fullmakt til å forhandle med nabokommunane Stordal og Ørskog.

Referat frå møtet mellom dei tre kommunane Norddal, Stordal og Ørskog låg ved sakspapira som referatsak. Tverrpolitisk liste hadde saman med Arbeidarpartiet levert ein interpellasjon der dei ba kommunestyret om å gjere vedtak om å gi forhandlingsutvalet fullmakt til å forhandle med Stordal og Ørskog om etablering av ein muleg ny kommune sett saman av desse tre.

Undervegs i diskusjonen kunne det sjå ut til at det skulle bli fleirtal for framlegget i interpellasjonen, men då det vart votert, røysta Senterpartiet og SV for å stå på det tidlegare vedtaket medan Tverrpolitisk liste og Arbeidarpartiet røysta for framlegget i interpellasjonen. Dermed er punktum sett for kommunereformarbeidet i Norddal kommune – vedtaket fatta i juni vert ståande og Norddal skal halde fram åleine og ikkje gå i forhandlingar med Stordal og Ørskog.

Meir frå debatten kjem i neste utgåve av Storfjordnytt torsdag 1. desember.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no