Gav skjenkeløyve og vil sjå på den rusmiddelpolitiske handlingsplanen på nytt

Då formannskapet hadde saka om skjenkeløyve tidlegare denne veka, reiste dei på synfaring for å gjere seg kjende med staden før saka vart behandla.

Fleirtalet i kommunestyret i Norddal vedtok i kveld (torsdag 1. juni) å gje skjenkeløyve til Tafjord Båthamn & Bistro AS. Skjenkeløyvet er tidsavgrensa og gjeld frå i dag og ut året. I vedtaket ligg det også at Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2016-2020 må sjåast på på nytt.

Meir om denne saka i neste papirutgåve av Storfjordnytt.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no