Geiranger–Langvatn stengjer i natt

Trollstigen vert stengd i kveld og i natt.

Statens vegvesen melder at Fv. 63 Geiranger-Langvatn blir stengd frå klokka 20 i kveld, fredag 6. oktober, fordi det er meldt snø. Trollstigen kan også bli stengd på kort varsel.

– Det er meldt ein god del nedbør og minusgrader og vegen mellom Geiranger og Langvatn ligg på over 1000 meter på det høgste. Det er ikkje trygt å ha bilistar med sommardekk på fjellet når vegen ikkje er berr, fortel byggeleiar Kåre Berge i Statens vegvesen.

I morgon føremiddag blir det vurdert om vegen kan opnast. Bilistar som har tenkt seg over fjellet, må halde seg oppdaterte på trafikkmeldingane på 175.no og sko køyretøya sine etter forholda om vegen er open.

Fv. 63 nattestengt ved Grønning i Valldal 9. og 10. oktober (Sunnmørssida av Trollstigen)

Måndag og tysdag neste veke (9. og 10. oktober) vil fv. 63 vere heilt stengt ved Grønning mellom klokka 22 og 06. Grunnen er at tre stikkrenner (dreneringsrøyr gjennom vegen) skal skiftast ut. Det er ikkje mogleg å gjennomføre arbeidet med trafikk på vegen.