Gir det beste til dei aller minste

Ny barnehage i Stordal til glede for store og små. Hovudentreprenør har vore Christie & Opsahl AS og arkitekten er Sporstøl arkitekter AS.

Sist torsdag var det offisiell opning av nye Stordal barnehage. Då hadde barna brukt barnehagen i godt over ei veke og saman med dei tilsette var dei så nøgde som det gjekk an å vere.

Storfjordnytt fekk ei omvising av styrar Diana Helland før den offisielle opninga, og ho geleida oss gjennom den moderne barnehagen i Griggåsrøbbane.

Eigne rom
– Alle er kjempenøgde med den nye barnehagen, barn, foreldre og tilsette. Vi kom frå kummerlege forhold og no har vi eit rom for det meste. Møterom, arbeidsrom, personalrom, grupperom, eige aktivitetsrom, spes. ped-rom og sanserom. Dette er ein moderne og fantastisk barnehage og eg trur det må vere den finaste barnehagen i heile Noreg, seier Diana og viser fram det eine rommet etter det andre.

Og det er verkeleg flott – den utvendige utforminga og uteareala, parkeringsplass med fortau, garderobar, gangar, fargar og dei store vindauga som slepp inn mykje lys.

Barnehagen er over to plan. Oppe er det tre avdelingar med plass til totalt 45 barn. Ei avdeling er avstengd då dei enno ikkje har behov for den. Det er i dag 19 barn i barnehagen i Stordal. Nede er det aktivitetsrom og sanserom i tillegg til kontor, personalrom, møterom og stort vaskerom og lagerrom.

Vi er stolte no
– Vi har plutseleg fått ein meir tilrettelagt og trivelegare arbeidskvardag. Det var på tide no, det har vore arbeidd i over ti år for å få på plass nye barnehagen, dette synest vi alle er kjekt. Uteområdet er flott og ein ny gapahuk er komen på plass, i tillegg er det flott turområde elles. Dei som nyttar barnehagen utanom opningstida må hugse på å ta godt vare på den.

– Flyttinga gjekk greit og med stor entusiasme. Dei som gjorde den jobben var effektive og godt førebudde. Vi fekk god hjelp av to vaktmeistrar. Alt går mykje raskare og greiare når alle saman gler seg. Å flytte frå Andershaugen banehage var ikkje trist i det heile, seier styrer Diana Helland og smiler breitt.

På lageret treff vi Siv Anita Bråten som set ting på pass. Ho har arbeidd i barnehagen i Stordal i 26 år og er i dag pedagogisk leiar og stortrivst i den nye barnehagen.

– Fine fargar og flotte rom. Ikkje minst aktivitetsrommet, det er heilt topp og gir oss mange moglegheiter til kjekke aktivitetar. Vi er stolte no, og så er det heis her. Så det vert ein heisatur om lag kvar dag, seier ho.

Offisiell opning
Torsdag i førre veke var det offisiell opning, ei enkel og høgtidleg ei. Sola skein på Griggåsrøbbane medan skuggen fall på den andre halvdelen av dalen. Folk går rundt i sola og snakkar med kvarandre, byggjer opp forventningane. Ein gut på storbarnsavdelinga er strålande nøgd med at han har lært seg å plystre og fleire får høyre tonane hans. 

Barn frå storbarnsavdelinga og dei vaksne som er til stades går i tog, med flagg og heiarop fram til porten der snorklippinga skal skje. 

Det er Tindra Øvrebust Olsen som får saksa og klippar snora til stor jubel. Vidare har barna ein song dei skal synge om ein bamse, noko dei har bra dreis på.

Mange av dei som har vore med og reist barnehagen på ulike vis var til stades, det var også representantar frå Stordal kommune. Alle gjekk inn og ordførar Eva Hove starta med ein kortversjon av barnehagehistoria til Stordal.

– I starten var det ingen barnehage i Stordal, så då måtte det brukast dagmamma for å få kabalen til å gå opp. Stordal husmorlag skjønte behovet for eit pedagogisk tilbod. Dei kjøpte ei Moelvenbrakke som stod i Tafjord og som dei ville gje til Stordal kommune. Kommunen skjønte dette var eit pressmiddel og tok litt motvillig i mot og fann ei tomt til den på Andershaugen. Den vart straks full så det vart ein del familiebarnehagar rundt om før dei kjøpte bustadhusa på området og utvida tilbodet. No er Andershaugen oppbrukt og det har vore ein lang og kronglete veg frå 2011 til i dag. I 2011 var det 65 born i barnehagen. Då dei starta planlegginga av storleik og utforming var barnetalet lågare og i dag er barnehagen laga for om lag 45 barn, var ord ordførar Eva Hove nytta. 

Både ordførar, rådmann, leiar i byggenemnda og styrar kunne skrive under på at Andershaugen var oppbrukt og at både barn og tilsette no fortente å kome i tidsriktige lokale.

– No må vi bruke den flotte barnehagen for alt det den er verd i marknadsføringa av oppvekstvilkåra i Stordal. Om ikkje lenge skal det lysast ut bustadtomter i området med kort veg til det aller meste. Fødselsstatistikken i Stordal for 2019 har gledelege tal som vi håper vil halde fram, seier ordførar i Stordal Eva Hove.

Blomster
Mange har vore med på arbeidet og ordføraren delte ut blomster til nokre i Stordal kommune som kunne representere resten. Leiar i byggjenemnda, Palma Flåen Øvrebust, hadde vore med hele vegen og fekk blomster og gode ord. Asbjørn Eide hadde følgt prosessen tett og fekk blomster og det same fekk prosjektleiar Margunn Øverås i Christie & Opsahl AS.

– Det har ikkje vore berre strake vegen, med grunnforhold mellom anna, men slike ting treng vi ikkje gå nærare inn på ein slik dag, avslutta ordføraren.

Dagleg leiar i Christie & Opsahl AS Andreas Andesnæs, syntest det har vore både kjekt og gøy å vere med å byggje ein slik flott barnehage og saman med nokre av underleverandørane gav dei ei gåve til barna i barnehagen. Det var oppmerking og sykkelvegar og leikeelement på asfalten som barna heilt sikkert får glede av.

Tusen takk
Palma Flåen Øvrebust takka på vegne av byggnemnda og gratulerte alle med den nye barnehagen.

–  Det har vore eit godt samarbeid med hovudentreprenøren og ei god stemning i heile samarbeidet. Eg er imponert av arbeidet du har gjort Asbjørn Eide, du har vore engasjert, nøyaktig og følgt prosessen tett. Du skal ha takk for den innsatsen, var ord leiaren i byggjenemnda nytta.

Rådmann Anne Berit Løset fortalde at då ho tok til som rådmann i 2015 og kom til Andershaugen barnehage, ja då var det lett å sjå at dei tilsette hadde vore særs tolmodige. 

– Så kom eg opp hit ein av dei siste dagane og traff ein kjekk ung kar. Begge var vi einige i at dette var ein topp barnehage. «Give me five» sa vi då til kvarandre. Tusen takk til alle som har bidratt på denne lange vegen, sa Anne Berit Løset.

Asbjørn Eide takka for blomster og tillit og sa det hadde vore ein kjekk prosess å vere med på. At dei politiske rammene var til stades for å gjennomføre prosjektet heilt ut og til siste finish, var noko han sette stor pris på.

Styrar Diana Helland var glad ho fekk vere med å oppleve denne dagen. 

– Alt er fantastisk med gode, flotte avdelingar og arbeidsplassar, tenk vi har aldri hatt kontor tidlegare. Inneklima, luft og lys, ja det er heilt utruleg. Tusen tusen takk. Så er det jo kjekt med sola då, og spesielt denne tida at vi får ha ho lengre, smilte styraren i den nye barnehagen i Stordal.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no