Gler seg til VM

Petter Løset Skodjereite er første stordaling som nokon gong har delteke i junior-VM.

– Ja, dette var ein veldig god bonus.

Det seier Petter Løset Skodjereite frå Stordal, som er ein av fem i den norske troppa som skal konkurrere i kombinert i VM for juniorar i Romania siste veka i februar. Petter fylte 17 år i førre veke, og er den yngste i kombinert-troppa. Han innrømmer at han visste han hadde muligheita, men har ikkje tenkt så mykje på uttaket til VM.

Kombinert

Petter Løset Skodjereite tok til på Toppidrettsgymnaset på Lillehammer då han gjekk ut av grunnskulen i Stordal i fjor. Her er det vanleg gymnas i tillegg til sporten. Dei er ein liten og fin gjeng på sju som driv kombinert.

I sesongen konkurrerer dei rundt rekna annakvar helg. Petter fortel at det vert mykje mindre reising på han no enn då han budde heime. Med Lillehammer som sentralt utgangspunkt er avstandane til konkurransane mindre.

Fire

Petter vil ikkje ha noko mål i VM, uansett blir det ei artig oppleving.

– Først må eg sjå om eg får vere med i øvinga, det er fire som får gå, seier han nøkternt.

NM

Først skal han vere med i NM på Rena, det vil seie den første øvinga som går av stabelen fredag 19. februar. Søndag er det avreise til Romania.

– Kvifor driv du med kombinert, ein så sjeldan sport på våre kantar?

– Det er det eg har drive med sidan eg var liten, og eg likar å halde på med både langrenn og hopp, seier han og legg til at det kan variere kva han likar best.

Heime att frå VM er det først eit renn i Trondheim og første helga i påska er det Molde som står for tur.

Martine

Om han får med seg sambygdingen Martine Lorgen Øvrebust til VM er framleis ikkje avgjort, men Petter synest det hadde vore kjekt. Resten av uttaket til langrenn i junior-VM skal gjerast etter norgescup-rennet på Hovden no til helga.

Randi Flø
randi@storfjordnytt.no