Grensene blir som før på Indre

Kommunegrensene vert slik dei er i dag på Indre, det har Kommunal- og moderniseringsdepartementet bestemt.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vedteke å ikkje endre grensa mellom Stranda og nye Fjord kommunar, det seier departementet i ei pressemelding i dag.

Det vil seie at bygdene Eidsdal og Norddal held fram med å vere del av Norddal kommune – og nye Fjord kommune, og at Liabygda også i framtida vil vere del av Stranda kommune.

Meir om denne saka i papiravisa på torsdag.