Gudbrandsjuvet kafé vaknar til liv

I fjor sommar var kaféen på Gudbrandsjuvet stengt. Denne sommaren skal Eliska Svobodova, Tommy Nerhus og Aina Beate Nerland drive kaféen i lag. Arkivfoto.

Kaféen på Gudbrandsjuvet var stengd i fjor sommar, men til komande sesong vert det igjen drift i kafeen.

Med ei spektakulær beliggenheit og ein jamn turiststraum forbi døra er det grunnar gode nok for å finne mat og beverting på staden.

Samarbeidsprosjekt

I fjor var kafeen stengd, i år tek Eliska Svobodova, Tommy Nerhus og Aina Beate Nerland over drifta. Dei to sistnemnde driv Gudbrandsjuvet camping, Eliska Svobodova var meddrivar i kafeen Under Taket i Valldal frå 2015 og fram til september i fjor.

– Då eg slutta med det visste eg allereie at det skulle verte forandringar hos Gudbrandsjuvet kafè, og eg vart spurd om å gå inn i eit samarbeid med Tommy og Aina Beate, fortel Svobodova.

– Eg er veldig takksam for å ha blitt spurd, for eg er glad i å samarbeide med andre menneske om å få til eit godt produkt. Dei to eg skal samarbeide med uttrykte òg at dei var glade for denne løysinga, seier ho.

Kortreiste produkt

Svobodova ser det slik at det som fungerte i kafeen Under Taket no kan fungere i ei utvida form, på Gudbrandsjuvet kafè.

Ho meiner at det likevel er viktig å ikkje samanlikne Gudbrandsjuvet kafè med Under Taket, då Under Taket hadde ei enklare driftsform medan kafeen dei no skal drive har eit større konsept.

Dei nye drivarane er opptekne av å støtte lokale bønder og nytte ferske og kortreiste produkt i kafeen, framfor det å få ingrediensar leverte i frosen og emballert form langvegs i frå.

– Vi satsar på å halde det på eit nivå der maten skal vere god og innhaldsrik, men på eit slikt nivå at den kan lagast på staden og etter kvart som den vert bestilt. Ser vi moglegheita for å leige inn ein kokk så gjer vi det med tida, men vi er opptekne av at produksjonen skal følgje ein realistisk økonomi og vil heller auke nivået sakte og sikkert, understrekar Svobodova.

Held fram med god kaffi

Kaffitilbodet skal vere på same høge nivå som det har vore i kafeen Under Taket, og dei kjem til å tilby både espressobaserte kaffitypar og mykje anna.

– Vi har tankar om kurs i kaffilaging etter kvart. Det vert i såfall eit samarbeid mellom oss, Juvet Landskapshotell og kafeen «Under Taket», seier ho.

Dei tre nye drivarane ser fram til å ta imot gjestar på opningsdagen 20. mai, og stiller med gratis kaffi til alle som kjem for å verte kjende med dei fram til sommarsesongen opnar 1. juni.

Mathilde Vinje
Mathilde@storfjordnytt.no