Gull og sølv til Petter i Hovedlandsrennet

Petter Løset Skodjereite viste seg fram frå si beste side då han gjekk til topps i Hovedlandsrennet i kombinert.

Petter Løset Skodjereite kunne reise heim frå Hovedlandsrennet med to medaljar. Det blei gull og sølv på den talentfulle stordalingen i det uoffisielle norgesmeisterskapet for 15- og 16-åringar.

 

– Eg er fornøgd både med prestasjonen og uttellinga. Men eg skulle svært gjerne hatt med meg to gullmedaljar. Det hadde nok blitt det dersom eg hadde halde meg på beina i skicrossen. Dei to falla vart kostbare, sa Petter då han oppsummerte innsatsen i Hovedlandsrennet.

Tiandeklassingen som i juni er ferdig med det siste året på ungdomsskulen, vann den gjevaste øvinga i Holmestrand og Stokke. Løset Skodjereite la grunnlaget for sigeren i hoppbakken. Han hadde to gode hopp og fekk bra utteljing for dei sveva.

Petter var ikkje til å true på den påfølgjande femkilometeren. Dagen etter var det eitt konkurransehopp som danna grunnlaget for startrekkefølgja på skicrossen. Stordalingen måtte nedpå snøen to gongar i skicrossen eller kombinertcrossen som skifolket kallar det. Dermed mista han muligheita til å krysse mållinja først ein gong til. 15-åringen hang likevel ikkje med hovudet ettersom det blei gull og sølv i sesongens nest siste viktige renn. Komande helg reiser Løset Skodjereite til Trondheim for å delta i junior-NM.

Har ambisjonar

Han har ikkje ambisjonar om å hevde seg der ettersom konkurrentane er både eitt og to år eldre. Konkurransene i Granåsen blir likevel ei fin muligheit til å få føle på juniornivået som han blir ein del av neste år. Petter har for lengst bestemt seg for å halde fram kombinertsatsinga. Han har søkt skuleplass i Trondheim der fleire av verdas beste utøvarar held hus. Det same ved Norges Toppidrettsgymnas på Lillehammer. Løset Skodjereite har meir eller mindre bestemt seg for å sende flyttelasset til Mjøs-byen dersom han kjem inn.

– Eg reknar nesten med at eg gjer det ettersom det ikkje er så mange på mitt alderstrinn som satsar på kombinert. Lysta til å satse er stor, seier Petter som ikkje ser mørkt på å flytte på hybel. Den reflekterte tenåringen har lenge vore klar over at det er nødvendig dersom han skal fortsette kombinertsatsinga. Miljøet og hoppbakkane på Sunnmøre er for små til at den nybakte gullvinnaren kan halde fram utviklinga med å bli verande i heimbygda. Han er avhengig av tettare og betre oppfølging for å ta nye steg i denne idretten.

– Kva venter du deg i juniornorgesmeisterskapet i Trondheim, Petter?

– Eg skal gjere mitt beste og så får vi sjå kva det held til. Det har vore mykje av og på denne sesongen for mitt vedkomande. Først og fremst på grunn av at eg har slite med forkjølelsar og sjukdom som det har tatt tid å lækje. Den har kome tilbake gong på gong. Dermed har det blitt vanskeleg å få den ønska kontinuiteten i treningsarbeidet, sa Løset Skodjereite som det skal bli svært så interessant å følgje dei neste åra. Han har heilt klart potensial til å nå langt.

Svein Halvor Moe