Hadde mykje å gi

Valldal Hornmusikklag med dirigent Jan Helge Andreassen arrangerte nyttårskonsert i Martin Linge-huset sist søndag.

Ein speleglad og aktiv gjeng hadde sett saman eit kjenslevart og heftig repertoar. Tone Oline Knivsflå var gjesteartist og var med på å lage breidda i musikken enno større.

Øvingshelg

Valldal Hornmusikklag hadde øvingshelg i forkant av nyttårskonserten, både laurdag og søndag vart nytta. Dei hadde òg forsterka hornmusikklaget med to ekstra saksofonar, ein klarinett og to i slagverkrekka.

Dei starta med Fanfare and Flourishes av James Curnov, noko som Jan Helge kunne fortelje var eit ordentleg gammalt verk. Delar av verket nyttast i vignetten til Eurovision Song Contest.

Stemningsfullt

Etter fanfara kom det fleire stemningsfulle og kjenslevare musikkstykke. Det var berre å sette seg godt til rette og nyte det. Det var plass til fleire i kultursalen i Martin Linge-huset denne søndagen, men stemninga var god og dirigent Jan Helge Andreassen gav musikkstykka endå meir meining og kjensler med informasjonen han delte med publikum.

Siste musikkstykke før pause var Celebration for Band av Robert Palmer. Då auka tempoet og musikarane i Valldal Hornmusikklag fekk verkeleg fart på pust og fingrar.

I billetten var kaffi og kaker inkludert. Det seier seg sjølv kva som skjer i det sosiale rommet når det er sett fram kaffi og kake. Pausa var ikkje mykje lengre enn 15 minutt og så var folk attende på plassane sine.

Kraftfull song

Tone Oline Knivsflå kom fram på scena og Gunnar Inge Eide la fingrane sine på klaviaturet. Songaren er nyleg ferdig med tre år på Bårdar akademiet der ho har studert musikkteater. No skal ho ha eit år der ho tek på seg frilansoppdrag og seier ho synest det er skikkeleg kjekt å kome heim og vere med å gje folk musikkopplevingar saman med dei mange store musikkressursane som finnest her.

Ho hadde med seg fire songar, alle henta frå kjende musikalar, som ho framførte med stor innleving og på kraftfullt vis, noko publikum sette stor pris på.

Fartsfylt avslutting

Medan Gunnar Inge sat på pianokrakken spelte Valldal Hornmusikklag Adagio Cantabile av Ludwig van Beethoven saman med han.

Repertoaret var variert og fint og nyttårskonserten vart avslutta med Radetzky March med full kraft. Publikum kviterte med ein skikkeleg applaus og gav uttrykk for at dei hadde hatt ein flott musikkoppleving saman med Valldal Hornmusikklag i Martin Linge-huset.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no