Hall og husly for 30 dyr bles bort

Det er ei flott utsikt frå Langhaug i Nørdalen i Stordal og Hildegunn Berli Langhaug har stor glede og nytte av å ferdast i fjellet. Den markerte toppen er Dyrdalstinden.

På Langhaug i Nørdalen i Stordal har Hildegunn Berli Langhaug fått ut ein del av dei 120 sauene som har fått lam og dei to siste dagane har temperaturen stige litt òg.

Når lamminga tek til, er det alltid behov for meir plass. På Langhaug har dei hatt ein hall ståande til det bruket.

Vindkule

Hildegunn fortel at det kom ei vindkule så det small i veggen på huset og den same vinden kasta hallen med forankring rundt om til det berre var småbitar igjen av den.

– No har eg laga ei midlertidig løysing som minner meir om dei låge telta som beduinane i ørkenen nyttar, smiler Hildegunn. Ho er god med hammar og sag, så sauene med lam får kome ut, og plass vert frigjort i fjøsen.

Med god utsikt

Frå garden på Langhaug er det eit flott syn mot området rundt.

– Der er Dyrdalstinden, opp dit har eg og Liv Fløtre laga flott rås. Elles har Stordal turlag plassert bøker på mange av toppane rundt her, seier den fjellglade dama på Langhaug. Ho hentar energi av å gå i fjellet, og det gjer ho mykje, og energi har denne dama mykje av. Berlinamnet har ho frå Valldal og nettopp på Berli i Valldal bur dottera hennar. Der har ho vore mykje den seinare tida, som snikkarhjelp på huset dei har oppgradert.

Skjora har flytta

Tysdag denne veka var det eit herleg ver med mild vind på Langhaug. På solsida av huset står eit epletre med ei hytte i.

– Det er barnebarna som byggjer der no. Skjora hadde fast bustad der, men når borna starta å byggje, har ho flytta til bjørka ved fjøsen, seier Hildegunn. Katten kjem og får kos, den ventar kattungar og barnebarna ventar òg på dei.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no