Heilaftan med jentene på Gildetun

Når jentene i Geiranger lagar fest, er det ei storhending i bygda. Ungdomshuset Gildetun er sentralt ved slike høve og litt av pyntinga gjorde dei ferdig sist haust.

I taket hang dekor og ballongar frå eit bryllaup hausten 2019. Damene var nydelege og svinsa rundt i lokalet med kostymer frå 1920-åra. Glinsande og med fjør. Mange av mennene hadde hatt som matcha.

Mat og program Buffeten var dekt med mykje god mat, og var både enkel og avansert. Då maten nesten var ferdig togge, gjekk alle jentene med kostymer på scena og viste seg fram. Kanskje song dei ein song òg, men Storfjordnytt sin medarbeidar brukte mest synssansane den korte stunda dei var på scena og kunne ikkje få med seg alt.

Etter det forsvann buffeten raskt og effektivt og så var underhaldinga frå scena skikkeleg i gang. Dei flotte damene som svinsa rundt i lokalet var underhalding i seg sjølv der dei smilte og tok vel i mot alle dei såg. Stemninga var frå 1920-talet og Charlie Chaplin dukka opp mellom innslaga og annonserte neste.

Intimbarbering

Eit par nummer med to på scena der orda var det viktigaste. I samtalen mellom Ragnhild Frøysa og Ellen Angelika Fivelstad om den sauen som hadde sumt seg ihel, fekk mange ein god latter.

Chaplin annonserer nytt innslag og førebuingar til sesongen med ei dame som spissar forma på alle moglege vis vart visualisert. Intimbarbering med gaffatape og blylodd var eitt av triksa. Elles var monologen full av lokale perler om kva som kan skje ein sommarsesong i Geiranger. Latteren sat laust og ved dei tre langborda i lokalet var stemninga skyhøg.

Inn på lista

Ein biletserie med bilete frå Geiranger i tidsrommet 1920 til 2020 var ei nostalgisk reise full av interessante bilete. Her hadde nokon gjort ein god jobb til musikken «Å Vestland, Vestland» med Sissel Kyrkjebø.

Det er ikkje mange stader dei har slike gode gamle bygdefestar lengre. Her er det identitet så det held. God gammaldags fomling med sceneteppe, nokon som vågar og eit lokalt og entusiastisk publikum. Kanskje burde ein slik bygdefest òg kome inn på UNESCO si liste over immateriell kultur, det er den verd.

… med dans til slutt

Scena ryddast for ordførar med døvetolk. Wenche Dahl som ordførar og Katrin Blomvik Bakke som tolk. Tolken synte med heile seg kva det var ordføraren stod og prata om. Snakk om å ta merksemda frå den med kjede og mynde. Dødsmorosamt.

No nærma det seg slutten på programmet, ein time går fort med slik underhalding. Etter tre innslag med parterapi og gode prestasjonar, var programmet over og Party Express med Torkjell Bjørstad og Frank Iversen gjorde seg klar til å få folk ut på dansegolvet.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no