Vekst i Stordal rår over heile næringsfondet

Diplom som dette blir delte ut for kvar nye arbeidsplass i Stordal i den perioden vekstkommuneprosjektet varer. Om Stordal kommunestyre følgjer innstillinga frå formannskapet, vil vekstkommuneprosjektet rå over heile næringsfondspotten for nettopp å kunne bidra til å skape fleire arbeidsplassar.

Om kommunestyret er samd med formannskapet vil Vekst i Stordal (ViS) frå og med i år og ut prosjektperioden rå over heile næringsfondet.

Då vekstkommuneprosjektet starta i fjor, vart det bestemt at ViS skulle få disponere 80 prosent av næringsfondsmidlane, resten vart reservert kommunalt tiltaksarbeid.

ViS har ført til mange førespurnader og konkrete søknader med tanke på nyetablering og utvikling av etablerte verksemder i kommunen og dei ekstra midlane frå næringsfondet har så langt resultert i både nye næringslivsaktivitetar, produkt, tenester, nye arbeidsplassar og meir robuste verksemder, seier rådmannen i si saksvurdering.

Med bakgrunn i dette, foreslår rådmannen at ViS får tilført heile næringsfondspotten – minus sjølvsagt det som måtte vere av bundne midlar. I Stordal er det berre deltaking i det interkommunale LUK-prosjektet om arbeidsinnvandring som er bunde opp i næringsfondet og ein administrasjonskostnad på fem prosent, og det dreier seg om 60.000 kroner i år og 30.000 neste år. Det som er foreslått overført til ViS for 2015 i næringsfondsmidlar, er 1.086.500 kroner.

Om midlane

Stordal har for 2015 fått tildelt 1,1 millionar kroner frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) via fylkeskommunen til det kommunale næringsfondet. KMD har same føremål med desse midlane som vekstkommuneprosjektet, nemleg å skape nye arbeidsplassar. Det kan mellom anna skje ved industriknoppskyting med utgangspunkt i allereie eksisterande verksemder, reiseliv/turisme – både nær- og fjernturisme og utvikling av landbruksrelaterte næringar basert på lokale ressursar og naturgitte føresetnader. Det overordna målet for det fireårige vekstkommuneprosjektet er 75 nye arbeidsplassar.

Gjennom næringsfondet prøver kommunen å bidra til og stimulere til nyetableringar og vidareutvikling av eksisterande verksemder, basert på retningsliner gitt i næringsplanen. Midlane kan nyttast til både bedriftsretta tiltak som til dømes oppstart av ny verksemd, bedriftsutvikling og investeringar – og til meir generelle tiltak i regi av kommunen for å leggje til rette for ny næingsverksemd som til dømes næringsplanlegging, etablerarprosjekt, stadutviklingsprosjekt, utgreiingar og anna.

Samrøystes

Rådmannen vurderer det slik at for å kunne få størst muleg handlingsrom og for å kunne koordinere den positive utviklinga som ViS så langt har bidratt til, bør ViS få disponere over heile potten med næringsfondsmidlar som kommunen får tildelt – fråtrekt dei bundne midlane. Eventuelle prosjekt i regi av kommunen eller organisasjonar kan framleis få støtte, men vurderinga vil bli gjort av styret i vekstkommuneprosjektet.

Eit samrøystes formannskap gjekk inn for rådmannen si innstilling, og tilrådinga til kommunestyret når saka etter kvart skal handsamast der, er at disponible næringsfondsmidlar i sin heilskap blir overført ViS i resten av prosjektperioda. For inneverande år, vil det seie at 1.086.500 kroner vert overført til ViS

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no