Heilhjarta bønder for Stordal

Bønder for Stordal var songen og videoen denne kvelden. Ungdomar og veteranar i skjønn foreining.

Etter at kulturstipend og heiderspris var delt ut, sette Dalane i gang med sitt program på årsfesten i Stordalshallen. Det var deira tredje gong sidan starten i 1998 der sju grendelag byter på å underhalde.

Frå start til mål gir stordalingane det som skal til og endå litt. Dalane sitt program var utruleg bra og frå scena gav dei av seg sjølv og brukte hendingar og personar frå Stordal, gjennom det siste året, for det det var verd.

Spenn fast setebeltet

Anne Berit Løset og Lars Petter Røyset ønskte velkomne med ein kort sikkerheitsdemonstrasjon.

– Skulle krafta forsvinne, så vil det ikkje vere ei lysstripe å sjå, det er berre å raske med seg det du får tak i og  prøve så godt du kan å kome deg ut, var orda flykaptein Lars Petter Rødset brukte medan Anne Berit Løset tolka orda i rørsle på tydeleg vis.

På plakaten brukte Dalane eit bilete av dansande Cancan-jenter og dei kom marsjerande inn rett etter «take off». Og jentene innfridde ei kvar forventning, skjørta flaug høgt, dansen var intens og applausen deretter.

Øvre Stordal

Dur frå ei drone med ein umiskjenneleg bergensar under, var neste på programmet. Per Ivar Skodjereite som ein lite audmjuk Frode Færøy var så fornøyeleg og full av morosame poeng at det berre var å gi seg over, ein perfekt parodi. På veg ut av scena får han ein telefon frå Dagfinn på Langhaug og ein førespurnad om han ikkje kan ta ein sving rundt i fjellheimen og leite etter kjerringa hans. Dei hadde eiga band òg folket i Dalane, Vikingnesane kalla dei seg. Dei spelte to songar i programmet og på det viset promoterte dei òg dansen som var på slutten av kvelden. Et framifrå orkester av lokale heltar.

Medan dei skiftar på scena er det underhaldning på videoskjerm, gamle klassikarar og nye morosame videoar som viser kjende ansikt i nye omgjevnader.

Kvinnestyrt

Når både ordførar og rådmann er kvinner, er det ikkje tvil om at bak dei står det to arme menn. Bjørnar Midtbust og Per Ivar Skodjereite fekk salen til å le godt når dei brukte seg sjølve i den rolla. Bjørnar lurte på om han kunne få nokre gode råd om klesvask før han sprang heim for å setje på middagen.

– Eg vaskar alt saman i eitt, stort sett med grønsåpe, var Per Ivar sitt råd. Krympar det ikkje då? lurte Bjørnar. Jau, det gjer dei, men det gjer ikkje så mykje for vi er små av vekst der framme på Løset, var svaret han fekk. Ungdomane var i stor grad med og bidrog til underhaldninga. Stor var òg innsatsen til dei som ikkje stod på scena. Roar Nord Jensen og Liv Norunn Moe var sentrale i den jobben i tillegg til den parodierte Frode Færøy som hadde gjort mykje godt videoredigeringsarbeid.

Slag i slag

Små og store innslag av høg kvalitet vrimla det av denne kvelden. Før pause spelte dei av ein video med ny tekst til «Pinner for landet» av Freddy Kalas. Ei heilt klar forbetring av teksten og med ein hyllest til bøndene på Storheim, Langhaug, Dyrkorn, Vad, Stølane, Nakken og Løset.

Maten vart servert som på flyet og etter pause fekk vi heftig låt med Vikingnesane, hoggestabbedikt der Lars Petter Røyset ikkje hadde noko i mot å vere stand in for dei som leita etter den rette mannen i livet. Øvre Stordal synkronsvømmeklubb var eit befriande, kroppsleg og morosamt innslag.

Så kom kanskje kveldens innslag når Helga Løset Skodjereite, i brudekjole, spelte Maria Holand Tøsse og saman med ein gjeng flotte damer parodierte Big Valley Voices som Big Lady Voices.

Vi er så takksame, seier Helga på Maria sitt vis, og berre ausar på med audmjuke ord og begeistring. Damene i koret i ellevill ekstase og til slutt kom ein brudgom inn, dette var parodi på høgt nivå. 360 betalande gjestar i Stordalshallen, ei scene full av folk, halve kommunen i aktivitet ein slik kveld, det var kjekt å oppleve òg for ein som ikkje kjem frå Stordal.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no