Heimekamp i flomlys

Valldal hang godt med i den siste kampen denne sesongen mot Stranda, men tapte til slutt 5-7.

Tysdag kveld denne veka spelte Valldal herre den siste kampen denne sesongen mot Stranda heime på Idavoll.

I flomlys, og med etterkvart nokre regndråpar, kjempa Valldal for å få med seg ein siger. Laga ligg i kvar sin enda av tabellen, Stranda som nummer to og Valldal på nest siste plass med berre Norborg bak seg. Det laget slo dei heile 10-2 på sist heimekamp i et skikkeleg regnvêr.

Bra start, ikkje så bra slutt

Denne kvelden var det berre æra å spele for. Det har etterkvart kome til fleire unge spelarar på Valldal sitt lag og eit trufast publikum var til stades utan å gjere for mykje ut av seg. Valldal starta godt i fyrste omgang, men i andre halvdel hadde dei eit stort trykk mot seg. Til pause leda Valldal 2-1 og håpet om siger var der sjølv om dei viste at Stranda på papiret var eit betre lag.

Tidleg i andre omgang scora Valldal og alt såg lyst ut. Men ikkje mange minutta etter var Stranda frampå og fekk eit lettkjøpt mål dei òg. 35 minutt att å spele, på den tida kan mykje skje, noko det gjorde. Spelarane vart slitne etterkvart og måla trilla inn.

Når kampen i den varme haustkvelden var over hadde gjestane fått overtaket og vann kampen 5-7. Stranda fekk totalt med seg 23 poeng medan Valldal sit att med 12 på tabellen denne sesongen.

Trekte seg

Norddal–Eidsdal–Geiranger som var med i denne serien frå starten, måtte trekke sitt lag. Grunnen var at dei ikkje greidde å skaffe nok spelarar gjennom sesongen.

– Vi byrja med å utsette kampar i håp om å få det til, men det vart for vanskeleg, så vi valte å trekke laget, seier trenar Hans Martin Homlong.

Han legg til at løysinga vert kanskje at dei spelarane som vil halde fram, reiser over fjorden og spelar på Valldal sitt lag neste år. Då er det òg moglegheit for at dei kan stille med eit 11-lag.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no