– Her blir det mykje moro

Mamge stader å gøyme seg for taktiske paintbalspelarar i bana i løa til Jarle Hove.

Det seier Jarle Hove om det nyaste tilskotet til aktivitet i Stordal: den innandørs paintballbana i løa på garden hans.

Når dette kjem på trykk, er det to veker sidan han fekk ferdigattesten på bygget – den har det vore heilt nødvendig å få før han kan gå ut og marknadsføre det nye tilbodet.

Ingen får delta i spelet utan tryggleiksutstyr, seier Jarle Hove og viser korleis ein tek på maska som er del av utstyret alle må ha på seg.

Mykje arbeid

Jarle fortel at han i mange år har grunna på kva den gamle løa på garden kan nyttast til, og etter kvart landa han på ei innandørs paintballbane. Tidlegare diskuterte dei i familien ei privat bane, men han fortel at tanken på ei bane som kunne nyttast av alle, vaks fram litt etter litt.

– Noko av grunnen til at det vart slik, er at det ikkje er innandørsbaner for paintball i området, men at det er fleire klubbar. Dei reiser gjerne langt avgårde, til Trondheim og Bergen, for å spele vinterstid, fortel Jarle. Han legg til at det er kome ei innandørs bane på Ellingsøya, men han meiner marknaden er stor nok for to slike baner i regionen.

Ein annen grunn til at han valde å bruke løa til dette, er at ombyggingane som var nødvendige, ikkje trong å vere særleg kostbare.

– Men det vart mykje arbeid, mykje meir enn eg trudde og frykteleg mange arbeidstimar har gått med, slår han fast.

Betre tilbod i bygda

Han håper at det nye tilbodet etter kvart vil bli mykje brukt, og fortel at ut frå testing av bana gjort av ungdommar frå Stordal, så vil det bli mykje skøy og moro i løa i tida framover. Parallelt med bygginga av bana, har han pussa opp gamlehuset på garden med utleigeleilegheiter frå kjellar til loft, han har laga til for grilling innandørs i eiga grillstove og til og med boblebad med utsikt mot frukthagen er installert.

– Dermed kan folk overnatte og spele paintball på same staden, seier han og trur at saman med andre aktiviteter i bygda som jakt, fiske og ikkje minst, nærleiken til ski eldoradoet på Overøye, så vil paintballbana vere eit tilbod som totalt sett vil auke interessa for eit besøk i Stordal. For eigen del håper han med dette å kunne utvide kundegrunnlaget slik at det blir heilårsdrift for overnattingsverksemda på garden.

Totalt har han 18 sengeplassar fordelt på 2 store leiligheiter, og om sommaren er det bra belegg.

– Sjølv om eg i fjor «øydela» ein del av sesongen med oppussing av huset, hadde eg likevel over 500 gjestedøgn. Det er eg nøgd med, og har tru på at det blir ein god del meir i år, seier han.

Bana

Frå andre etasje kan spelarane skyte på dei i første etasje. Foto: Privat.

I løa vil ein kunne spele paintball i to etasjar og bana er totalt sett på nær 400 kvadratmeter.

– Her kan ein bevege seg frå rom til rom, opp og ned – og det er mogleg både å stå oppe og skyte ned og omvendt, seier den entusiastiske paintballverten. Han kallar det eit lågterskeltilbod, ein treng korkje vere i spesielt god form eller ha brukt våpen før for å ha det moro i løa.

– Det einaste som krevst er ein viss førlegheit slik at ein kan bevege seg rundt og mellom etasjane, i tillegg til å halde seg til tryggleiksreglane då sjølvsagt. Utover det er dette noko for folk i alle aldrar, seier han.

Ville leve av garden

Jarle har alltid gått sine eigne vegar. Han fortel at han tok over garden i 1990 etter å ha arbeida der ein del år, saman med foreldra. På det meste hadde han over tre årsverk i gardsdrifta. Så svikta helsa og han måtte gje seg med det.

– Og eg er no ikkje heilt A4 og utgangspunktet mitt var å forsøke å livberge meg på ressursane til garden, seier han og fortel om juletreproduksjon, utleige av kårhuset og utleige av jakt og fiske. No har han halvert arealet med juletre og har vel 20 mål til juletre.

– Det tok rett og slett for mykje tid, spesielt i perioden mai til juli som gjekk med til klipping og forming av tre, halde graset kring trea nede og klargjering av nye areal for planting.

Ryddig kommune

Han hadde eit budsjett på ombygginga frå løe til paintballbane på 300.000 kroner. Han søkte og fekk næringsfondstøtte, og samla har han halde seg innafor budsjettet. Sånn noko lunde. Men det har tatt tid, meir tid enn planlagt og så har det vore mykje å ta omsyn til.

– Først måtte bygget omdisponerast frå landbruksføremål til anna bruk, deretter kom konsulentar på bana med brannteknisk prosjektering og så var det å køyre full byggjesak, seier han og legg til at det har vore godt å ha fagfolk å støtte seg til når det gjeld dette med brannvarsling, nødutgangar, fallhøgde, sikringstiltak og slike ting. Jarle seier at teknisk i kommunen har vore ryddige å ha med å gjere.

– Eg opplever å ha fått god informasjon om det som må gjerast, steg for steg. Så lenge ein følgjer boka og gjer det ein får beskjed om slik at alle krav stettast, så går det jo greitt, seier han.

No er alt på plass, bana er godkjent og alt såre vel så langt og Jarle gler seg til å få aktivitet i løa att.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no