Hjellevegen er meir enn brauta

Skal ein tru planane som no ligg føre for Hjellevegen, blir det ny veg hit, men ikkje lenger. Det stussar både Karl Petter Stenvåg og fleire andre på og dei undrar seg på kven som har bestemt at berre brauta skal takast.

Det seier Karl Petter Stenvåg om planane som ligg føre for utbetringa av Hjellevegen. Han er skuffa over planane som viser berre brauta og ikkje resten.

KORT SAGT

Hjellevegen har i fleire tiår veksla mellom å vere arbeidd med og gøymt nede i ei kommunal skrivebordsskuffe.

Allereie i 2008 vart Hjellevegen vurdert å vere i dårleg stand, det kom fram i en prosjektrapport for tilstandsvurdering av dei kommunale vegane i Norddal kommune.

Då kommunestyret behandla prosjektrapporten i november 2008, vart det sagt at den ville vere eit godt styringsverktøy i høve budsjettarbeidet i åra framover. Planen skulle også rullerast kvart fjerde år.

Då kommunestyret i Norddal før jul i fjor vedtok budsjett for i år og økonomiplan fire år fram i tid, kom Hjellevegen med og det var lagt inn ei økonomisk ramme for prosjektering og gjennomføring.

Også i budsjettet for 2017 vart det lagt inn midlar til å få gjort noko med Hjellevegen, og også den gongen var det Tverrpolitisk liste som kom med framlegget.

– Ikkje misforstå meg, eg er strålande nøgd med brauta om den blir slik den er teikna av teknisk i Norddal kommune, men dei har altså planlagt 315 meter veg, seier Karl Petter Stenvåg og undrar seg på kva planane er for resten av vegen.

Trudde heile vegen skulle takast

Totalt er Hjellevegen på om lag 1,2 kilometer, det er 1,2 kilometer veg i svært dårleg forfatning. Stenvåg er litt oppgitt over at planleggarane i kommunen ikkje ser ut til å ha nok lokalkunnskap til å vite kor lang vegen er og kva behova er.

Stenvåg hadde fått forståinga av at når no Hjellevegen er eit tema for kommunen, så var det heile vegen som skulle oppgraderast, ikkje berre brauta opp frå fylkesvegen.

Han hadde også sett føre seg at når vegen først skulle takast att, så ville det vere fornuftig å leggje ned trekkerøyr for telefon, fiber og straum når det likevel må gravast.

Viktig med god infrastruktur

Stenvåg er heilt avhengig av oppgradert infrastruktur, både med omsyn til veg og til framtidig fiber.

– For det kan jo hende eg ønskjer å utvide, både talet på dyr og ikkje minst, gjere noko med campingen ettersom prognosane seier at det vil kome stadig fleire turistar til området. Men slik Hjellevegen er no, kan eg ikkje gjere noko som vil føre til meir trafikk på ein veg som er meir enn dårleg nok for oss som bur her, seier han.

Spør dei med lokalkunnskap

Han lurer på kven som har snakka forbi kvarandre i denne saka, for då Hjellevegen kom på kartet att, meinte han at det var heile vegen det var snakk om og ikkje berre brauta opp frå fylkesvegen.

– Og eg som var på nippet til å heise flagget då vedtaket vart gjort, seier han og legg til at no vert flagget firt ned på halv stang.

I tillegg til at heile vegen må oppgraderast, ønskjer han seg også fast dekke.

– Vi er lei av skitne, «sandblåste» bilar med øydelagt lakk i tillegg til øydelagte fjærar, forstilling og anna på grunn av alle holene i vegen, seier han og synest det er leitt at Norddal kommune framleis har kommunale vegar utan asfalt. Men før asfalt kan leggjast, er det ting som må gjerast som utbetring av grøfter og stikkrenner og mykje anna.

– For ikkje å snakke om gatelysa. Framleis er det meir mørkt enn lyst her, slik at det og bør gå inn i planane når ein først held på, seier han.

Han har lyst til å vite kva planar det eigentleg er for Hjellevegen, om det er slik at det berre er dei få metrane med ny braut frå fylkesvegen og opp til Elin Homlong det er snakk om, eller om det er planar også for resten av vegen. Og om nokon treng å rådføre seg med dei som kjenner vegen, seier han det berre er å ta kontakt.

– Det er vi som brukar vegen og som skal bruke den også i framtida og det er vi som har lokalkunnskapen, avsluttar han.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no

 

Bestilling frå formannskapet

Yngve Hovden i teknisk eining i Norddal kommune fortel at då Hjellevegen kom opp att, så var han overtydd om at det var heile vegen som skulle opprustast til skikkeleg standard.

Overraska

Han seier at overraskinga var stor då bestillinga berre var å planlegge ny oppkøyrsle frå fylkesvegen.

– Men vi berre utfører det politikarane har bestemt at vi skal gjere, så då vart det planlegging av ein betre oppkøyrsel frå hovudvegen, seier han og viser på kartet korleis dette er tenkt løyst.

– Men om politikarane skulle ombestemme seg og ønske utbetring av heile vegen, vil det vere problematisk å henge på resten på dei planane som no er utarbeidd?

– Absolutt ikkje, slår Hovden fast og seier at kostnadsmessig får ein meir ut av kvar krone om ein bygg heile vegen og ikkje berre ei ny braut.

– For slik bestillinga er no, blir meterprisen svært høg – sjølv om eg arbeider med å få ned kalkylen på eit nivå som kan vere til å leve med, seier han.

Når sjølve arbeidet kan starte opp, avhenger i stor grad av når det blir oppstart på tunnelarbeidet i Indreeidsdalen.

– Tunnelmasse er gull verd når ein skal byggje veg, slår han fast.

Må bli ei politisk sak

Gudmund Relling frå Tverrpolitisk liste er den som fekk Hjellevegen inn att i den kommunale bevisstheita – og som bidrog til at det i økonomiplanen vart lagt inn ei ramme for Hjellevegen. Han er også storleg forundra over at planlegginga er blitt avgrensa til å gjelde berre ny avkøyrsle og bakke.

– Eg har snakka med medlemmar av formannskapet om dette og bede dei om å sørge for at det kjem ei politisk sak på dette, seier han og legg til at han ikkje kjenner ein einaste politikar i Norddal kommune som meiner at ikkje heile vegen skal oppgraderast. Relling seier at han forsåvidt har venta på at Hjellevegen skulle kome som politisk sak.

– Vi må ha eit klart vedtak slik at det ikkje er tvil om kva som er meint, det er ein ting. Ein annan ting er at det må vere eit politisk vedtak på dette fordi det trass alt skal brukast litt pengar på det, avsluttar han og håper ei sak kjem så snart det let seg gjere.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no