Høg kvalitet med ein god stab

Eli Søvik og Ellen Ringset trivst godt på Stordal Møbel AS og syr stoffet som møblane trekkast med.

Marknadssjef i Stordal Møbel AS, Jan Ove Øvrebust, er nøgd med året 2019. Ei omsetjingsauke på 15 prosent frå året før i ei tid der marknaden er så krevjande, er ei god tilbakemelding på at dei har gode produkt.

Øvrebust tek imot Storfjordnytt i visingsrommet i tredje etasje og finn tak i kaffi og peparkaker medan Storfjordnytt fritt kan velje kva sofa vi vil sitje i.

Treft godt

– Kva som er årsakene til omsetjingsauken er samansett, men vi har treft godt på nokre produkt som kjedene har teke inn, det er éin grunn. Vi har god kvalitet på det vi leverer, det er òg noko av grunnen. Den norske marknaden set kvalitet høgt, er miljøbevisst og vel norskproduserte møblar av den grunn. Det er ein krevjande marknad og konkurransen er stor frå møblar produsert i utlandet, seier Jan Ove Øvrebust.

Stordal Møbel AS leverer møblar til kjedene Møbelringen og Fagmøbler, i tillegg til ein del frie forhandlarar som til dømes Møbelsenteret i Valldal og Vestnes.

– I 2018 var omsetjinga 35 millionar, i 2019 nærare 40 millionar, legg marknadssjefen til.

Trendane

Det har i lengre tid vore grått og dei nøytrale fargane som har dominert fargekartet på salongar, men i den seinare tid har jord- og naturfargane teke over. Enkelte vel òg ein kvilestol i friske fargar saman med sofaen i naturfargar. Den sofaen vi sit og pratar i er i naturfarge og har om lag same fargen som dei gode gamle potetsekkane hadde.

– Hud er det mindre av, men litt er det. No vil marknaden i Noreg ha det lune i tekstilane. Vi eksporterer om lag ti prosent, det meste går då til Frankrike. Dei vil ha ein del hudmøblar. Det går ein bil frå Stordal til Frankrike kvar femte veke, seier Øvrebust.

Flinke fagfolk

Til saman er det i dag 25 personar som arbeider på Stordal Møbel AS i Stordal. I administrasjon, produksjon og produktutvikling.

Møbelfabrikken har òg søkt etter fleire medarbeidarar til produksjonen som dei håper vil kome på plass over jul ein gong.

Jan Ove Øvrebust har arbeidd på Stordal Møbel AS i 20 år. Veldig mange av dei andre som arbeider på fabrikken har lang erfaring og er flinke fagfolk som kan handverket sitt.

– Det er grunnen til at vi klarer å levere den kvaliteten som vi gjer og som markedet krev. Vi har hatt bra med arbeid i heile år, men denne tida pleier det å toppe seg og då er positive tilsette heilt uunnverlege. Dei stiller på og arbeider overtid for å få jobben gjort titt og ofte. Dei er fleksible og løysingsorienterte og med på å gjere Stordal Møbel AS konkurransedyktige. Ein god stab er heilt avgjerande, seier Øvrebust.

Møbelsentrum

I Stordal er det Stordal Møbel AS og Sitwell AS som produserer møblar til heimemarknaden. Helland Møbler AS og Vad AS som driv med kontraktmøblar, har administrasjon og produktutvikling i Stordal og produserer møblane i utlandet.

– I Sykkylven lager Brunstad, Formfin møbler AS, LK Hjelle Møbelfabrikk AS og Ekornes ASA, på Stranda, Slettvoll Møbler AS. Dette er ei god samling med møbelkompetanse og produksjon og den einaste i landet. På Sunnmøre har det i lang tid vore eit sterkt møbelmiljø, men den tida som ein gong var, kjem nok ikkje attende, seier marknadssjefen hos Stordal Møbler.

Saumavdelinga

Kåre Ytterli er produktansvarleg og kjem innom visingsrommet for å hjelpe Storfjordnytt å orientere seg i fabrikklokala og for å finne vegen til saumavdelinga. Der summar det i mange symaskiner og Eli Søvik slakkar av på pedalen og fortel ho har arbeidd på Stordal Møbel AS sidan 1996 og då stort sett i saumavdelinga.

Ellen Ringset seier ho har vore på Stordal Møbel AS sidan 2002, på saum og tilskjering. Begge seier dei at dei har ein god arbeidsplass med eit utruleg godt arbeidsmiljø og med ein fornuftig og godt tilpassa produksjon med stor vekt på helse miljø og sikkerheit.

– Når vi er med på å gjere produkta vi lagar konkurransedyktige og samstundes lagar eit godt arbeidsmiljø, tek vi vare på arbeidsplassane her i Stordal slik at det kanskje står att arbeidsplassar den dagen vi gir oss. Eg meiner Stordal Møbel AS har vore flinke til å tilpasse seg og vi som jobbar her har blitt ein stødig stab og eit godt team, seier Eli Søvik.

Ho sit og syr på ein salong som heiter Din Stordal F. Den siste bokstaven fortel kva for ein vange/armlene sofaen har. Fargen på stoffet er koks og svart på baksida.

Når Eli sit og syr så syr ho ferdig heile sofagruppa. Den ho no syr på er ein tresetar med to stolar. Å gjere det på den måten skapar variasjon og det vert mange ulike saumoperasjonar. Det har dei på fabrikken kome fram til er ei god løysing over tid.

– Det vert meir interessant å lage eit produkt heilt ferdig. Eg får eit forhold til det eg syr på. Å sjå gruppa ferdig trekt er òg kjekt og lærerikt, seier Eli Søvik.

Ellen Ringset er samd i det Eli seier og legg til at det tek om lag fire timar å sy ei gruppe.

– Kva farge stoffet har er ikkje så viktig som kor godt det er å sy, men variasjon er alltid litt kjekt, seier Ellen Ringset.

– Kvalitetskrava er stenge og vi tilsette på Stordal Møbel AS har høge krav til oss sjølve. Det må vi ha for å tilfredsstille krava frå kundane. Over tid har vi fått på plass ein standard som fyller alle desse krava og som vi er stolte av, seier Eli Søvik.

– Nei dette har vi ikkje lenger tid til, no må vi halde fram å produsere, seier dei to blide damene.

På vegen ut

På vegen ut treff Storfjordnytt på Øystein Svensli. Han er møbeltapetserar på Stordal Møbel AS og har til saman 42 år med yrkeserfaring frå møbelindustrien. 25 år på Helland, 12 år på Lied Møbelfabrikk på Sjøholt og på Stordal Møbel AS har han arbeidd sidan 2015. Han står og trekker eit vinkelskrog til modellen Sandefjord B.

– Dette vinkelskroget er kanskje ikkje det mest krevjande arbeidet, men alt skal vere skikkeleg, enkelt eller komplisert, seier han.

For at Storfjordnytt skal finne vegen ut må ein ha hjelp av Håvard Olsen. Han er opplæringsansvarleg på trekk- og pakkeavdelinga og logistikkmann på pakkeavdelinga.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no