Tafjord Camping i vakker og utfordrande natur og som har vore arbeidsstad og feriemål for mange sidan starten i 1988, skifta eigar i april

Campinghunden Mocca var naturlegvis óg med då Oddfrid Tafjord og Audun Walle møtte den nye eigaren, Steinar Valdersnes (i midten).

For Oddfrid Tafjord, Audun Walle og familien deira har det heile vore ein livsstil. Det er ikkje lite med tid og krefter som ligg i arbeidet med hytter, drift, sesongplanlegging og vedlikehald.

– Det er vel ikkje mange spikarar som har vorte banka på plass,    steinar som har vorte flytta eller torver som har vorte lyfta på, som ikkje Audun har hatt kontrollen på, smiler Oddfrid.

Ho meiner at campingplassen slik den framstår i dag med stor respekt kan seiast    å vere hans livsverk.

Ifølgje Oddfrid er det ikkje først og fremst dei materielle sidene ved det ho kjem til å sakne. Mest tydeleg står det for henne at når ho og mannen no selde drifta, så var det ei dør ut frå barndomen som vart lukka. Oddfrid vaks opp i dette tunet. Dei ho hadde ikring seg er borte, men minna lever. Eit av dei første er at ho og bestefar ruslar mellom epletrea og pratar i lag. Då er ho fem. Slike minne er gøymd i minneboka hennar som «barndomens grøne dal», seier ho.

Når verksemda no er i Rusomsorg Vest, avdeling Tafjord sine hender, er eit av deira mål at campingplassen skal drivast mykje godt på same måten som den har vore driven.

Eit privilegium

– No håper eg at Tafjord Camping kan vere ein god stad for menneska som kjem hit. At det eg og familien har bygd opp og utvikla kan vere til velsigning og trivsel for både nye eigarar og gjestar, seier Oddfrid.

– Då har ikkje eit sekund av tida vi har brukt på Tafjord Camping vore forgjeves, tvert om, legg ho til og seier at å drive Tafjord Camping frå dag ein har medført at heile familien har vore involvert på ulike måtar.

– Som odelsjente til Ingebrigtsgarden låg det nok i korta heile tida at garden ein gong skulle verte mi utfordring, slik den tidlegare hadde gått i arv frå generasjon til generasjon, fortel ho vidare.

Når det vart hennar tur hadde ho allereie etablert seg med familie, utdanning og jobb. Ho lot ikkje det vere noko problem. Den som skal drive ein campingplass bør ha sin eigen visjon og sine eigne idear, meiner Oddfrid.

– Det var aldri snakk om noko anten eller, nei, understrekar ho.

– Aktualiteten var ja takk til  begge deler. Det vil seie å kunne finne ein måte å drive garden på som kunne kombinerast med dei jobbane eg og ektemaken min hadde, fortel Oddfrid vidare.

At valet då fall på turisme og campingdrift var nok ikkje overraskande, sidan foreldra hennar allereie hadde bygd om hovudhuset på garden og nytta dette og tunet til pensjonat og hytteutleige. Desse var også selde ut av familien til eksterne eigarar. Så med gode idear frå foreldre samt eigne idear, planar og visjonar vart Tafjord Camping etablert av Oddfrid og Audun.

Takkar familie og gjestar

Paret fortel at åra med campingdrift har vore mykje, kanskje meir enn dei fleste har sett og tenkt som ikkje er i bransjen.

– Du får verkeleg kjenne på eigne grenser, kapasitet og å takle utfordringar, medgjev dei. Dei meiner at fleksibilitet er eit ord som dekkjer godt ein dag i denne drifta.

– Eg trur ikkje det er eit einaste sanseorgan eller kroppsdel som ikkje har blitt utfordra. Ofte har vi vore så trøytte og tomme at ein undrast på om det finst påfyll. Men i samme augneblink  er du klar for neste steg, fortel Oddfrid.

Det er dette dei meiner dei har opplevd som både gjevande, utfordrande og spesielt.

– Alt vi har gjort har heile tida handla om å leggje til rette for menneske, frå inn- og utland, kjende og ukjende. Menneske i ulike fasar og situasjonar. Det er dette mangfaldet som har gjort åra på Tafjord Camping så trivelege, gode og berikande. Det er eit privilegium å få tilby tenester og løysingar, meiner paret.

Likevel har det til tider vore ein balansegang å kunne kombinere familieliv med både eksterne jobbar og campingdrift.

– Det er viktig for oss å få presisere at vi har hatt nokre    aldeles tolmodige og flinke døtre som har delt så mykje av foreldra sine med gjestane.

Kanskje er det dette heilskapsbiletet som har gjort at døtrene våre ikkje ynskte å overta campingdrifta, har Oddfrid tankar om.

– Og så har vi allereie fått to nye barnebarn som heilt sikkert vil digge mormor og besten. Og dei fire vi hadde frå før er veldig glade for tid vi kan tilby dei, held ho fram. Ekteparet seier dei har hatt fantastiske gjestar som både har motivert, prega og samarbeidd om å gjere campingen til det han har vore.

– Vi har alltid    hatt ei stabil gjestegruppe som har utgjort ein vesentleg del av turistmassa vår. Dette er personar som kjem att år etter år, og som har etablert seg meir fast på campingen. Slikt gjer det føreseieleg, både økonomisk og arbeidsmessig. Dei er lommekjende på campingen, og krev mindre ressursar, seier paret takksame.

– Sidan vi er heldige og har ei relativ god helse enno, kan vi denne sommaren grille saman med familien utan at    mamma og pappa skal vere heime og ete kvar sin gong. Vi har så mykje å takke for, avsluttar Oddfrid Tafjord og Audun Walle.

Arbeidstrening

– Det som er nytt med verksemda vår er at vi no har eit senter der menneske skal ha bu- og arbeidstrening, fortel Steinar Valdersnes frå Rusomsorg Vest som er den nye eigaren av campingplassen.

Eit visst tilbod for ettervern vert det framleis i tillegg. Per i dag har tilbodet åtte til ti plassar, Rusomsorg Vest jobbar for å få til tretten plassar. Tilbodet er mogleg å søkje seg inn i for personar som har fylt atten år. Det er inga øvre aldersgrense for å nytte tilbodet.

Dei siste åra har ettervernstilbodet til Rusomsorg Vest hatt tilhald på Fjordheim i Tafjord. Huset ligg i umiddelbar nærleik til campingplassen. Fjordheim som ettervernssenter har vore eit oppfylgjingstilbod for tidlegare rusmisbrukarar som er ferdige med rehabilitering. Rehabiliteringstilbodet til Rusomsorg Vest har lagt på Nappane utanfor Bergen, eit tilbod med oppfølging av mellom anna sjukepleiar og sosionom.    

Ei gledeleg nyhende for tilbodet er at Rusomsorg Vest no har motteke noko meir stønad frå Helsedirektoratet, i form av midlar. I tillegg er det nokre kommunar som støttar, det føreligg òg eit samarbeid med NAV som gjer at bebuarar kan ha opphald i Tafjord.

– Alle som kjem til oss i Tafjord har ulik bakgrunn og ulike eigenskapar, seier Valdersnes.    

Det er naturskjøne omgjevnader dei som skal bu der kjem til å oppleve. I tillegg til bu- og arbeidstrening er det moglegheiter for utandørs aktivitetar til alle årstider. Fjell- og skiturar samt det å kunne nytte båt eller kajakk er noko av det som er mogleg i slikt terreng.

Eit ledd i arbeidstreninga er at bebuarane skal ha fire timar arbeidstrening per dag. Arbeidet er sesongbetont, i og med at campingplassen følgjer sommarsesongane.

– Det kan vere personar som kjem som har vore i yrker der til dømes snikring og sveising vert gjort. Dei skal få bruke kapasiteten og evnene sine i Tafjord, fortel Valdersnes.

– Andre har kanskje ikkje fullt så mykje arbeidserfaring, men alle har ein eller annan form for kunnskap og erfaring som dei kan bruke, seier han.    

Rusomsorg Vest, avdeling Tafjord skal ha ein sjukepleiar i verksemda si, det vert etter kvart difor mogleg for aktuelle kandidatar å søkje på ei stilling som kjem til å liggje på mellom femti og hundre prosent.

Mathilde Vinje
mathilde@storfjordnytt.no