Ikkje berre fint å sjå på

Vasspeglane i Kaldhusdalen er flotte å sjå på, tidlegare var dette eit attgrodd elveleie .

Tafjord Kraftproduksjon er no ferdige med å rydde delar av elveløpet og lage tersklar på to plassar i Kaldhusdalen.

Med det same du kjem opp i Kaldhusdalen er det gamle elveløpet rydda og tersklar lagt inn slik at det vert tre flotte vasspegl. TC- Maskin har utført arbeidet. Dette gjer at det vert mykje finare og sjå på i tillegg til at det vert ståande vatn, noko som vil hindre attgroing.

– Heilt vedlikehaldsfritt vert det nok ikkje. Det må stellast litt når tida går og haldast ved like, seier Stig Falling i Tafjord Kraft. Same arbeidet er òg gjort lengre framme i dalen ved Magnhildsætermyra. På den plassen har Selboskar og Relling utført arbeidet. I tillegg er vassnivået heva med om lag ei meter i Svartholvatnet.

– Kan hende får du ei kre òg der no, eg har no fiska der og fått, seier Stig Falling.

Tafjord Kraftproduksjon har ikkje konkrete planar om slikt arbeid i fortsettinga, men eit par plassar i Årøyane kan hende vert prioritert. Det er der elva kjem frå Rødalen og ned mot Onilsavatnet. Der er det nokre flate parti som eignar seg. Stig Falling, direktør i Tafjord Kraftproduksjon seier dei må søkje NVE og at slikt arbeid krev ein del, men at miljøgevinsten er stor og det er noko selskapet tek omsyn til.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no