«Ikkje perfekt, men ganske awsome»

Big Valley Voices song med innleving og energi, godt inspirert av dirigent Maria Holand Tøsse.

Dette var dirigent Maria Holand Tøsse sin eigen beskrivelse av koret Big Valley Voices då ho introduserte det før dei entra scena i Stordalshallen under vårkonserten dei heldt fredag kveld.

Koret kunne presentere ei nyinnøvd blanding av ulike songar, hits og slagerar, totalt 18 songar frå mellom anna Grand Prix, Spice Girls, frå TV-serien Glee og Halvdan Sivertsen. Dei har øvd i eit halvt år før konserten som dei har kalla «Happy in Stordal», og med unntak av ein song var det kun songar dei ikkje har framført før med i konserten. Den dei hadde med seg frå tidlegare var gospelsongen «Lean on me», frå konsertane med gospelsong i fjor.

Totalt 23 damer var med på scena denne kvelden, der mange stod fram som solistar på dei ulike songane. Det var ein gnistrande konsert full av energi og songglede, og kombinert med ein lyd i Stordalshallen vi knapt har høyrt før vart dette rett so ein triveleg kveld.

Gjer seg

For dirigent og inspirator Maria Holand Tøsse var dette siste konserten med koret, som starta opp i september 2014. På slutten av konserten fekk ho ein bukett blomar frå damene i koret med takk for at ho har satsa på dei, og ho takka og sa at ho er veldig stolt av koret og damene som har synt at dei tør å gå ut av si eiga komfortsone.

John Kristian Hjelle
john.kristian@storfjordnytt.no