Informativt om fjernvarme

Det var ikkje akkurat folksamt på det opne møtet om fjernvarme førre veke, men dei som var der fekk ei grundig og informativ orientering om status og vegen vidare.

Sakleg og god informasjon om eit ikkje så lett tilgjengeleg tema, det fekk dei som møtte på kommunestyresalen førre onsdag.

Berre ei handfull personar hadde funne det bryet verd å kome for å bli litt meir opplyste og oppdaterte på fjernvarme. Styreleiar Arne Krohn ønskte velkomne og gjekk raskt gjennom historikken til Valldal Fjernvarme og viste også til energi- og klimaplanen til Norddal kommune der det er klare målsettingar for den kommunale bygningsmassa.

– Eg vil tru Norddal kommune har nådd dei måla, det har vore gjort ein solid jobb med stort fokus på enøk ved rehabilitering av kommunale bygg. Det kunne Kjell Arne Valdal som var til stades frå Norddal Eigedomsselskap KF stadfeste.

Styret har arbeidd mykje med å få kontroll på økonomien i selskapet. Unødvendige kostnader er kutta, og dei har sett på potensialet for nye kundar, som når Krohn lista dei opp, er fleire enn ein trur. Fjernvarmeprisen skal liggje under straumprisen, og Krohn meiner at det er meir truleg at straumprisane går ned enn at dei går opp, men at det kan ble større svingingar i prisane etter kvart som vi blir meir og meir påverka av dei nordiske prisane og svingingane.

– Med ein høgare straumpris ville break even-punktet vore lågare. Vi har gjort det som kan gjerast når det gjeld administrasjon og teknisk drift med tanke på å redusere kostnader, men effekten av desse tiltaka, er vanskeleg å seie, seier Arne Krohn.

Knut Arve Tafjord er eit oppkome av teknisk kunnskap om desse tinga og det har vore nyttig for fjernvarmeselskapet å ha han i styret. Han var storleg overraska over og nøgd med at møtelyden stilte gode spørsmål og  han greidde med glede ut om både temperaturar, virkningsgrad, innvendig statisk trykk og ymse anna. Og han synest at omgrepet nærvarme er betre enn fjernvarme.

– Fjernvarme er jo berre eit system for å flytte energi frå der ein har den til der den skal brukast, sa han før styreleiaren konkluderte med at 2014 var eit vanskeleg år, men at styret forventar at 2015 blir vesentleg betre.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no