Ingen dispensasjon til akvakulturanlegg

 

Fleirtalet i kommunestyret i Stordal sa førre veke nei til å gi dispensasjon frå arealdelplanen til etablering av akvakulturanlegg mellom Skjortneset og Vidhammer.

Teknisk sjef Einar Lied tok politikarane kort gjennom kva saka dreier seg om, at dette gjeld om ein skal gi dispensasjon frå sjødelen av arealplanen eller ikkje i området mellom Skjortneset og Vidhammer. Han trekte frem innspela som er komne der det mellom anna er nemnt stor uro med tanke på kva eit slikt anlegg vil ha å seie for luseproblematikk og villfisken.

Rådmann Anne Berit Løset supplerte med at i saker som dette er arealbruk det einaste kommunen har råderett over slik at konsesjonsspørsmål og andre problemstillingar som til dømes forureining vil vere opp til andre aktørar å bestemme. Konsesjonssøknaden ligg til fylkeskommunen å avgjere, den kjem ikkje til handsaming i Stordal kommune, men ein har høve til å kome med ei uttale. Ho var også usikker på kva vilkår ein kan sette knytt til arealbruken og Einar Lied la til at ein i ein reguleringsplan kan sette sterkare vilkår.

Uttalar

Det er Fjordlaks Aqua AS som har søkt om dispensasjon frå arealplanen for å etablere akvakulturanlegg mellom Skjortneset og Vidhammar. Samtidig med søknad om dispensasjon er det sendt søknad om konsesjon om ny lokalitet for oppdrett av matfisk (regnbogeørret) til Møre og Romsdal fylke. Då saka vart handsama i formannskapet før jul, låg det i vedtaket at ein hadde til hensikt å gi dispensasjon, og saka vart sendt på høyring i samsvar med plan- og bygningslova. No er merknader komne, fem i alt, og på bakgrunn av uttalane tilrår rådmannen no å ikkje gi slik dispensasjon.

Kystverket hadde ingen kommentarar i saka, medan Fiskeridirektoratet påpeikte at arealdelplanen for sjøområde i Stordal er mellom dei eldste i fylket og meiner med det at planen er utdatert og lite eigna som styringsverktøy. Det vert tilrådd at kommunen vurderer rullering av planen.

Møre og Romsdal fylkeskommune påpeikte også det gamle planverket og ber kommunen vurdere om ein bør vente med å gi dispensasjon i påvente av planarbeid.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal og elveeigarlaget hadde begge fyldige merknader til saka, og begge var spesielt opptekne av rømmings- og luseproblematikken. Fylkesmannen meiner det må gjennomførast ei generell risiko- og sårbarheitsvurdering (ROS) for å få avklart om tiltaket vil få konsekvensar tryggleik og beredskap, særleg med tanke på faren for flodbølgje. Fylkesmannen slo fast at før dette er gjort, kan ikkje kommunen gi dispensasjon og at Fylkesmannen vil klage på eit eventuelt positivt vedtak i kommunestyret.

Skal – skal ikkje

Jonas Falch (Frp) hadde håpt at dei kunne gi dispensasjon, då av omsyn til den aktiviteten og mulege arbeidsplassar anlegget kan føre til i Stordal. Han såg ulempene med mellom anna sjukdommar, men sa det kjem strenge reglar frå direktoratet om alt frå reinsing til avfallshandtering.

– Om vi skulle gi dispensasjon, måtte vil sjølvsagt ta visse forholdsreglar, sa han og la fram eit alternativt framlegg til vedtak.

Lars Kristian Øvrebust (Sp) var skeptisk til å gi dispensasjon så lenge det ikkje er gode løysingar på dei utfordringane som næringa har – og tenkte spesielt på rømming og lus. Heller ikkje John Helge Larsen (Ap) ville gå for konsesjon før næringa greier å få bukt med rømming, lus og avfall.

Etter eit gruppemøte trekte Jonas Falch framlegget sitt og kom med eit nytt framlegg, der ein finn at fordelane er større enn ulempene og at det derfor blir gitt dispensasjon, tidsavgrensa til ut 2020, i tillegg til at det er krav om at tiltaket stettar ROS-krava.

Lars Kristian Øvrebust gjorde greie for det som var diskutert i deira gruppemøte og vil la tilrådinga til vedtak stå. Utan å kome med noko nytt framlegg, ønskte han å gi administrasjonen eit signal om at han ser føre seg ei sak der ein har høve til å sjå på mulegheit for oppdrett i havområda og føresetnader for det.

Då det vart røysta over saka, vart innstillinga frå formannskapet sett opp mot framlegget frå Jonas Falch. Ni røysta for innstillinga, seks røysta for framlegget til Falch – og det var Høgre- og Frp-gruppene som røysta for framlegget hans. Dermed seier Stordal nei til å gi dispensasjon slik det er søkt om.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no