Ingrediensane i bluesgryta er klare

Fjellro Bluesfestival har no fått på plass dei artistane som i år skal kome til Valldal og gi dei som ønskjer det ei ekte bluesoppleving.

– Vi synest vi har sett saman eit bra og spennande program. Det er med stor musikkglede vi no kan ønskje publikum frå fjern og nær velkomen til Fjellro i påska, seier Eli Boatwright.

Små justeringar

I år er det fredag og laurdag i påskeveka bluesopplevingane står i kø og bluesgryta varmast. Kvar kveld vert det servert nattmat når det nærmar seg midnatt. Dei fire artistane som skal spele på Fjellro i påska kjem frå USA/Sverige, England og Norge. Robert Lighthouse er fødd i Sverige og reiste til USA for å få musikken han set høgt, Mississippi delta blues, inn under huda. Superlativa er mange frå anerkjende bluesmiljø om mannen, gitaren og munnspelet.

Joakim Tinderholt og hans band skal trøkke til med sin rythm og blues. Joakim Tinderholdt har trass sine unge alder spelt saman med mange kjende artistar og på vegen fått med seg erfaring publikum på Fjellro kan glede seg over. Saman med Håkon Høie, gitar og vokal, Bill Troyani, bass og vokal, Kjell M. Lauritsen, piano og Alexander Pettersen, trommer. får bandet den rette grooven og svingar meir enn slike band treng å gjere. Det andre norske bandet er Fat Fred and the Possumhunters, eit energisk og svingande band som spelar ei blanding av rockabilly, blues og hillbillymusikk. I front held Fredrik Støvind konstant koken med eit heftig og stødig komp i ryggen sett saman av David Skeie, Joachim Svendsen, Erlend Hølland og Pål Emil Berg.

Lyndon Anderson Band er blueslokomotivet som kjem til Valldal denne påska. Med spelejobbar frå mange internasjonale festivalar bak seg og med påverking frå mage bluesartar har dei laga sin eigen pumpande groove.

– Det vert vanskeleg å halde på eigne tankar og føtene i ro når dette bandet tel opp og set i gang. Det er kjekt å kunne presentere så mange gode band og musikarar her i Valldal. Vi gler oss sjølvsagt og skal gjere det vi kan for at folk skal trivast på Fjellro i påska og samstundes få med seg musikkopplevingar dei vil hugse lenge, seier Eli Boatwright. Ho oppmodar dei som vurderer å ta seg ein tur om å sjekke ut musikken Fjellro har lagt ut linkar til på facebooksida si.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no