Inn med ekstra stolar i år også

Lærar Elin Dyrkorn akkompagnerte på gitar medan Kristine og Marcin spelte fele og song.

Ein fullsett grendasal i Stordal fekk med seg ei triveleg stund då kulturskulen heldt konsert for å markere at nok eit år er omme.

Rektor for grunnskulen, Bjørnar Midtbust, er også rektor for kulturskulen. Han kunne fortelje at det har vore nesten 50 elevar i kulturskulen dette skuleåret.

– Kulturskulen er viktig for mange, og han skal vere for alle, slike som meg, som likte å lære meg å spele litt på eit instrument, eller slike som han Pål Bjørn, som likar å spele tussefløyte heime utan å kome noko lenger, sa Midtbust og la til at kulturskulen også er for dei med talent og kan kome litt lenger, kanskje få eit draumestipend eller stå på ei større scene.

Oppvarming

På scena sat det fire gutar med kvar sin guitar, oppvarmingsbandet som Bjørnar kalla dei.. Elvis-melodien “Love me tender” og ein blues stod på deira program.

– No trur eg faktisk at den yngste publikummaren, Sivert, sovna, sa Bjørnar og sikta til ein i barnevogn etter at to jenter hadde spelt mellom anna ei voggevise på fløyte.

Medan Vanja og Janne spelte kornett, kom Bjørn Busengdal inn i salen. Kulturskulerektoren kunne konstatere at han smilte og det måtte vere fordi han likte musikken, han er ein av dei beste kornettspelarane i Stordal.

Kristine og Marcin hadde med seg både feler og læraren Elin Dyrkorn. Dei både spelte og song “Alle fugler”.

Piano ser ut til å vere eit populært instrument blant elevane i kulturskulen i Stordal. Fleire var framme og let publikum få høyre kva dei har lært.

Det same gjeld dei ulike korpsinstrumenta, både treblås og messing. Ein elev, Brage, stilte med trommesolo.

Ei samspelgruppe med gitarar og piano framførte mellom anna Cold Play-melodien “Fix you”.

Cowboytakter

Tre jenter på kornett spelte mellom anna “Cowboyvisa”, publikum fekk opplyst at dei som ville kunne late som dei var cowboyar medan dei spelte. Etter kvart som det vart meir og meir cowboytakter i musikken kvitterte publikum med taktfast applaus.

“The music girls” fekk æra av å avslutte konserten. Fire jenter på kvart sitt nypussa messinginstrument leverte godt samspel og avslutta med “Can-can”.

Heilt til slutt kunne kulturskulerektoren opplyse at det ikkje er gjort endeleg vedtak om opptaket til kulturskulen komande skuleår, men han reknar med at skal verte plass til alle som har søkt.

Randi Flø
randi@storfjordnytt.no