Innhaldsrik ventetid

Ruben Hanssen var supermann.

Musikarar, songarar, dansarar og humoristisk sans.

Det var dei gode ingrediensane som skulle til for endå ein fullklaff for kabareten til undomsskulen i Valldal. Denne gongen var kyrkja arena for førestellinga på grunn av at samfunnshuset er under ombygging. Altarringen var innebygd og ei scene var på plass over trappene til altarringen. Orkesteret var trykt saman under preikestolen.

Ventar

Temaet denne gongen var å vente. Programleiarane Trym Jarvik og Kristiane Søreng Sandnes gav publikum mange trådar om kva ein kan vente på, dei introduserte innslaga med lun humor. Det kan vere så mykje å vente på, sol og sommar, den etterlengta kjærleiken eller dei rette tala i lotto. Dei tok oss også til andre delar av verda og til flyktningkrisa, der det er mange som ventar på fridom og fred.

Det heile starta med ein gospel “Get together”, og stemninga var på plass. Dei fleste elevane i ungdomsskulen var med på opningsnummeret, det var dei også i det neste, “Himmelvogna”.

Fleire gutar framførte “Bad boys”. Alle jentene stilte seg opp og song om at dei venta på Supermann. Og her kom det første innslaget med action, plutseleg kom Ruben Hanssen i supermanndrakt, i tillegg til å illustrere innhaldet i teksten, skapte han også nær kontakt med publikum, løyste opp stemninga og fekk fram smilet. Det mest sjarmerande innslaget var kanskje dei tøffe og alvorlege gutane som framførte “Den finaste eg veit” av Hellbillies. “Vår beste dag” vart vakkert framført.

Dans

Første danseinnslaget var “Annie-dans”, om foreldrelause Annie som var på jakt etter eit betre liv og måtte tole mykje. Med vaskefiller, langkostar og bøtter ikledde forkle framførte dei denne dansen.

– Kjærleiken kan vere perfekt, sa programleiarane då dei introduserte “All of me” av John Legend.

Plutseleg kunne folk høyre ei litt eldre stemme med god gammaldags valldalsdialekt. Ei dame med gåstol frå aldersheimen var på veg inn kyrkjegolvet og ville vite kva som skjedde i kyrkja, ho snakka både om han Heggje-Nils og han Knuts-Ole. Ho ville gjerne ha litt action og hadde lyst til å smake kjøtdeig i lefse. Etter kvart fekk ho tre jamaldringar med seg, dei enda opp på scena i ein frisk dans før eit par pleiarar kom for å hente dei tilbake. Eit artig og godt gjennomarbeidd innslag.

Før pause fekk vi Vamp-melodien “Månemannen”, forsterka med Helena Indreeide Rognsø på fløyte, Synne Hovden på klarinett og Ellisiv Døving på fele.

Tøffing

Den kanskje tøffaste aktøren på kabareten i år var Ina Lossius Indreeide, som starta opp etter pause med å synge “Love is all around” heilt åleine, med flott stemme og fin innleving, ikkje såg ho nervøs ut heller.

“Walking on sunshine” og “Alle venter på sommer” er to kjende populære melodiar som passar til å vente på varmare vêr, eller som Trym, å få begynne å spele fotball ute.

Fire tilsynelatande rampegutar dansa til “Waiting for love”. Sidan følgde Lars Bremnes-melodien “Kunne æ skrive”, gospelsongane “Oh, happy day” og “My sweet lord”, som fekk det til å svinge i kyrkja med taktfast klapp får publikum.

Jentene i tiande klasse framførte “Writings on the Wall” med Dana Haberberger på piano.

Latter

Hundesketsjen som vart framført vekte latterbølgjer blant publikum. Dei tre som spelte hundar på ei kunstutstilling spelte utruleg godt og poenga var overraskande og veldig artige.

John Lennon sin “Imagine” sette folk i fin stemning, her spelte Aslak Waldal bass saman med orkesteret. Heilt til slutt var alle på scena og song sterkt og fint “Vi lever”, ein melodi vi kjenner best frå Wenche Myhre si framføring av Jan Eggum sin tekst.

– Vi må leve her og no, slo programleiarane fast, og publikum kvitterte med ståande applaus.

Det faste orkesteret denne gongen var som alltid fire frå kulturskulen, Arnfinn Dahlhaug på piano, Jan Helge Andreassen på trommer, innimellom avløyst av Amund Kårstad Sunde når han ikkje var på scena, Anders Jørgen Gjerde på bass og Håkon Myklebust på gitar. Kjell Arne Valdal styrte lyden, Karianne Vikene var gospelinstruktør, Eva Muribø stod for sminken medan Mette Natland Valdal var kunstnerisk høvding. Alle fekk takk.

Årets kabaret var lagt til kyrkja i påvente av at Martin Linge-huset skal verte ferdig. Kanskje var det mindre spelerom på grunn av mindre scene, men årets kabaret vart ei fin oppleving for publikum, kan hende med den beste lyden nokon gong.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no