Jan Are Remme

Alder: 49 år

Yrke: Personalsjef/dagleg leiar

Parti: Høgre

Tal på periodar i kommunestyret: tre periodar

Tre ord om deg sjølv: målretta, engasjert, (litt) bedageleg

Hjartesaker: Vekst i Fjord, kommunale tenestetilbod, samferdsel.

 

 

 

 

 

Du var listetopp ved valet i Stordal for fire år sidan og stiller nok  ein gong på toppen av lista, denne gongen for den nye kommunen. Kvifor?

Etter sterke oppmodingar frå partimedlemmar og valnemnda så sa eg ja til å stille som listetopp også denne gongen. Eg må innrømme at eg var i tenkeboksen lenge på om eg skulle gå  på ein ny periode, men konkluderte med at om Høgre og veljarane vil det så skal eg bidra med det eg kan også i ein ny fireårsperiode. Vi har heller ikkje kumulert nokon på lista, så for oss på Høgre-lista blir det veldig spennande å til slutt sjå kven dei ønskjer skal representere dei fra denne lista.

Du stiller til val i ein kommune som eigentleg ikkje eksisterar enno.  Kva synest du om det? Gjer det valkampen litt ekstra utfordrande?

Dette tenkjer eg ikkje så mykje på, og valkampen opplever eg nokså lik tidlegare år. Kanskje med den forskjellen at sosiale medier og kommunikasjonsrådgivarane ser ut til å ta meir  og meir plass. Vi har fulgt eit opplegg vi har hatt god erfaringar med tidlegare, og håper at bodskapen vår når ut til veljarane slik at dei kan gjere eit opplyst val.

Og som førre gongen (i Stordal), stiller ikkje Høgre med  ordførarkandidat. Kvifor?

Fjord Høgre har ikkje ein utropt ordførarkandidat, men vi har ei liste fylt av gode og sterke representantar frå heile Fjord kommune. Og blant desse, også fleire som er gode  ordføraremne. Det å bli ordførar har i moderne tid blitt eit yrkesval, og vi har så langt ikkje funne nokon i eigne rekker som har sagt seg villig til å forlate sin «sivile» jobb  for å tre inn som ordførar. Dermed har vi, som i sist periode, valt å gå til val utan ein klar ordførarkandidat. Ved ikkje å kumulere kandidatar, så gir vi også veljarane ei sterkare og meir avgjerande røyst i å bestemme kven dei ønskjer skal representere dei. Og skulle ein ønskje ordførar frå  Høgre, så må ein nytte stemmeretten sin til å fortelje dette.

Kva gjer de med tanke på ordførarvervet om Høgre «vinn valet»?

Skulle Høgre vinne valet, så er det klart at Høgre skal ha eit ord med i laget om kven som blir ordførar for Fjord kommune. Snakkar ein om ein klar valsiger, så er det  naturleg å søkje ordførar i eigne rekker. Viss «valsigeren» er meir marginal, og vi ikkje finn fram til ein god kandidat frå eigne rekker, så vil vi kunne støtte ein av dei utropte  ordførarkandidatane så lenge denne gir dei rette innrømmelsane. 

Ein ting er sikkert, vi skal vere med å sikre at Fjord kommune får ein ordførar som vi kan vere stolte av, og som vil  representere heile den nye kommunen på ein god måte.  

Høgre har tatt til orde for å snu om på intensjonsavtalen som mellom  anna seier at ordførar, rådmann og rådmannen sin stab skal vere i  Valldal og det meste anna deriblant helse skal samlokaliserast i  Stordal. Kvifor vil de snu om på dette?

Vi har stor respekt for det arbeidet fellesnemnda har gjort, og prinsippa dei har lagt til grunn i sitt arbeid er gode og fornuftige. Logikken med at eit velfungerande helsehus og  helseadministrasjon skal flyttast frå Valldal til Stordal, med relativt store nye investeringsbehov, slit vi derimot med å forstå. Derfor har vi sagt at vi vil snu dette punktet i  intensjonsavtalen. Vi bygg vidare på helsehus og helseadministrasjon i Valldal, og plasserer ordførar og sentraladministrasjon i Stordal. Andre delar av intensjonsavtalen, inkludert  grunnprinsippa denne bygg på, forblir uendra.  

Dei 23 personane som utgjer det nye kommunestyret, er i samarbeid med  administrasjonen i praksis dei som bestemmer korleis den nye kommunen  blir. Kva meiner du blir det/dei viktigaste tinga å ta tak i?

Når ein startar opp ein ny kommune, så er det så klart at det er mange store og små ting som må på plass. For meg handlar likevel dei neste fire åra om følgjande hovudsaker:

* Vi må få kontroll på økonomien vår. Lånegjelda er bekymringsverdig høg, og kommunene har dei siste åra køyrt med underskot. Det vil seie at vi brukar sparepengane til å finansiere dagleg drift, noko som ikkje er berekraftig over tid.

* Befolkningsnedgang må snuast til oppgang. Vi må gjere Fjord kommune attraktiv for næringsliv og etablerarar, og som bukommune for folk flest. Dette inneber fokus på samferdsel, næringspolitikk, bu- og oppvekstvilkår, for å nemne noko.

* Effektive og gode kommunale tenestetilbod der folk bur. Vi må ha som mål at flest moglege tenestetilbod vert gitt der brukaren er.

Ved forhandlingar om ordførarvervet, kven – om nokon – vil partiet ditt  støtte?

Svaret på dette spørsmålet er jo veldig avhengig av valresultatet. Viss Høgre ikkje har eigen ordførarkandidat å kjempe for, så vil vår støtte til kandidatar frå andre parti vere avhengig av kva innrømmelsar og forsikringar dei kan gje til oss. Dette vil bli avklart i forhandlingar, og forhandlingar kan ein dessverre ikkje forskottere.

Fjord kommune vil allereie frå dag éin ha svært høg lånegjeld og  anstrengt økonomi. Korleis vil ditt parti få kommuneøkonomien på rett  kjøl att?

Vi må sette tæring etter næring, og truleg må vi ei tid leve med eit nokså stramt investeringsbudsjett. Vi må også sjå på om det kan ligge ytterlegare synergiar og effektivisering  knytt til kommunesamanslåinga. 

Eg trur mykje av tenesteproduksjonen i kommunen er god og effektiv i dag, men vi må alltid ha augene opne for at vi kan gjere ting betre og enklare.  Når det gjeld det siste, så er det som regel dei som har skoen på som veit best kor han trykker.

Kommuneøkonomi heng nøye saman med innbyggjartal. I begge dei to  kommunane som skal bli Fjord kommune er folketalet på full fart nedover  og skal ifølgje SSB halde fram med det. Korleis vil ditt parti jobbe for  å snu denne trenden?

Vi har ei tid snakka mykje om alle pilene som peiker nedover for kommunen vår, men jammen er der ei som peikar rett opp; nemleg andelen innbyggjarar over 70 år. Dette fortel oss at  ikkje berre går befolkninga ned, den går raskast ned blant dei yngste. Dette er ikkje berekraftig for kommunen og bygdene våre, og vi må få snudd befolkningsutviklinga. Det må  truleg ein «breispektra» medisin til for å oppnå dette – som mellom anna inkluderer vekst i talet på arbeidsplassar, samferdselstiltak som aukar tilgjengeligheita til området vårt,  og bygdeutvikling og gode tenestetilbod som gjer det attraktivt å bu – og leve – i bygdene våre.  

Vi har den seinare tid sett klimastreikande ungdommar som er uroa over  framtida. Er klima og miljø noko som er viktig for ditt parti i den nye  kommunen? Og i så fall, på kva måte?

Klima og miljø er viktig for alle parti, og det er tverrgåande semje om at vi verken nasjonalt eller lokalt kan neglisjere klima- og miljøutfordringane. 

Når det er sagt, så meiner eg at både Norddal og Stordal kommunar i mange år har hatt fokus på tiltak som bringer oss i rett retning. For meg handlar det derfor i stor grad om å fortsette som ein har  gjort. Vi må tenke globalt og handle lokalt, der sistnemnde i små kommunar som vår i stor grad handlar om å sikre at «klima og miljø» er ein naturleg del av og vert ivaretatt i  planarbeid og dagleg drift.

Kva ser du mest fram til å jobbe med i den nye kommunen?

Det må vere å få den nye kommunen i gang, opp og stå, og deretter adressere vår store utfordring som enkelt sagt handlar om å snu befolkningsutviklinga og skape vekst.  

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no