Jonas Falch

Alder: 75 år

Yrke: pensjonist

Parti: Framstegspartiet

Tal på periodar i kommunestyret: fem 

Tre ord om deg sjølv: Ser lyst på livet.

Hjartesaker: Eldreomsorg og barn og unge.

 

 

 

 

 

Du var listetopp ved valet for fire år sidan i Stordal og stiller nok ein gong på toppen av lista, denne gongen i Fjord kommune. Kvifor?

Ja, eg var listetopp for fire år sidan og var innstilt på at no skulle eg gi meg. Men som eg har opplevd mange gongar før, det er lett å kome inn i noko, men ikkje så enkelt å kome ut. Eg har hatt mange omgongar med meg sjølv denne gongen. Det var ingen andre som ville stille på topp, så eg måtte berre ta ein periode til.

Du stiller til val i ein kommune som eigentleg ikkje eksisterar enno. Kva synest du om det? Gjer det valkampen litt ekstra utfordrande?

Utfordringa ligg å motivere seg til ein situasjon der alt er nytt. På ein måte skal det nye kommunestyret byggje ein ny kommune – på godt og vondt. Valkampen vert ikkje lett, for mange av oss må vi få opp motivasjonen.

Ikkje alle var samde i denne samanslåinga, og det ber valkampen preg av. Eg vil ta utfordringa og ser fram til å få alle i den nye kommune til å føle seg likeverdige.

Høgre har tatt til orde for å snu om på intensjonsavtalen som mellom anna seier at ordførar, rådmann og rådmannen sin stab skal vere i Valldal og det meste anna deriblant helse skal samlokaliserast i Stordal. Kva meiner ditt parti om dette?

Mitt parti støttar utspelet frå Høgre og vil gå saman med dei for å gjere om intensjonsavtalen når det gjeld helse og administrasjon. I Valldal står eit stort og moderne helsehus, så då må det vere feil bruk av kommunale midlar å byggje nytt helsehus i Stordal. Det viktigaste for oss er at det også i framtida er legekontor i Stordal og Valldal og kontordagar i Eidsdal.

Dei 23 personane som utgjer det nye kommunestyret, er i samarbeid med administrasjonen i praksis dei som bestemmer korleis den nye kommunen blir. Kva meiner du blir det/dei viktigaste tinga å ta tak i?

Det viktigaste for det nye kommunestyret vert å klare å drifte kommunen slik at vi får mest mogleg ut av kvar krone som ligg i driftsbudsjettet. Kommunestyret må også vere nøkternt når den nye økonomiplanen skal utformast. Begge dei gamle kommunane har høg gjeld og den skal nedbetalast.

Som ein kommune som har slått seg saman frivillig, vil vi få auka rammetilskot i ein periode. Desse ekstra tilskota må nyttast slik at alle bygdene våre føler at dei får litt av kaka.

Ved forhandlingar om ordførarvervet, kven – om nokon – vil partiet ditt støtte?

Mitt parti har i alle år hatt eit godt samarbeid med Høgre, og det vil vere naturleg for meg at det samarbeidet held fram.

Elles er det veljarane som har det siste ordet for korleis det nye kommunestyret vert samansett. Gruppa med flest medlemmar i kommunestyret vil naturleg nok få ordføraren. Skulle det gå slik at Høgre og Frp gjer eit godt val, vil vi setje oss ned og finne ein ordførarkandidat.

Fjord kommune vil allereie frå dag éin ha svært høg lånegjeld og anstrengt økonomi. Korleis vil ditt parti få kommuneøkonomien på rett kjøl att?

Eg viser her til mitt svar litt lenger opp. Det seier mykje om mi meining om den saka.

Kommuneøkonomi heng nøye saman med innbyggjartal. I begge dei to kommunane som skal bli Fjord kommune er folketalet på full fart nedover og skal ifølgje SSB halde fram med det. Korleis vil ditt parti jobbe for å snu denne trenden?

Det er viktig at vi i framtida legg forholda til rette for å ta vare på eksisterande næringsliv og gje nyetableringar gode vilkår. Næringsfondet er ein viktig faktor i den samanhengen.

Det er også viktig at vi til ei kvar tid har ledige tomter til rimeleg pris for dei som vil flytte til kommunen.

Det er også viktig at vi har gode skular og barnehagar rundt om i kommunen.

Vi har den seinare tid sett klimastreikande ungdommar som er uroa over framtida. Er klima og miljø noko som er viktig for ditt parti i den nye kommunen? Og i så fall, på kva måte?

Sjølv om Fjord kommune er liten i den store samanhengen, så må også vi ta tak i tiltak som kan redusere forureininga av miljøet, og vi må også heile tida arbeide for klimaførebyggjande tiltak.

Kva ser du mest fram til å jobbe med i den nye kommunen?

Det å sitje i kommunestyret eller i andre nemnder og utval er ikkje ein jobb, men eit ombod.

Det viktigaste for meg er å få eit kommunestyre som ser heile kommunen og at vi kan vere samde om at alle er like mykje verd.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no