Jordbær og sinking måtte vike for fjord og fjell

Kvar kommunesenteret i Fjord kommune blir, er framleis uklart. Kanskje blir det noko klarare når det nye kommunestyret konstituerar seg i ettermiddag/kveld.

Fellesnemnda har bestemt seg for kva skisse til kommunevåpen det skal arbeidast vidare med, og fleirtalet gjekk for å sjå framover, skape noko nytt framfor å sitje fast i det som har vore.

Fellesnemnda hadde denne saka til behandling også på førre møte. Då enda dei med å utsette saka, men tysdag kveld greidde eit stort fleirtal etter mykje diskusjon å samlast om eitt alternativ.

Saka

I tråd med føringar i intensjonsavtalen mellom Stordal og Norddal kommunar, vart det lyst ut konkurranse der alle som ville kunne kome med framlegg om nytt kommunevåpen. Heile 140 framlegg til kommunevåpen kom inn, og to juryar – ein folkejury og ein fagjury – har vore i sving for å vurdere dei innkomne framlegga. I eit fellesmøte enda dei to juryane på åtte framlegg som vart rangerte i rekkjefølge, frå åttande til førsteplass.

Diskusjon om to alternativ

Leiar av fellesnemnda, Eva Hove, innleia saka og fortalde at fellesnemnda har mandat til å ta ei avgjerd før ho opna for debatt.

Dette framlegget var innstilt på sjuandeplass og var det eine av to framlegg som vart diskutert i fellesnemnda – og favoritten til Arne Sandnes.

Arne Sandnes hadde sett seg ut sin favoritt, alternativ nummer sju, som juryane hadde innstilt på sjuandeplass. Han hadde også drøfta dette i gruppa si og ønskte å gå for dette av fleire grunnar.

– Det er veldig stilreint, med varme fargar og det tek med historia. Det er enkelt, ein slepp å lure på kva dette er. Eg synest det er eit veldig godt forslag, sa han.

Claus Hoff meinte at Fjord må stå på eigne bein, at ein bygg noko nytt og meinte at kommunevåpenet bør symbolisere namnet Fjord kommune.

John Helge Larsen syntest alternativ 058 var stilig.

– Det er eit estetisk uttrykk og det symboliserer fjell og fjord. Eg har ikkje sansen for å blande saman dei gamle, eg vil gå for noko nytt, sa han.

Viktor Valdal var i starten av møtet litt samd med Arne Sandnes i at alternativ 7 er godt, men endra meining undervegs i debatten og slutta seg etter kvart til å kunne gå for alternativ 58 saman med fleirtalet.

Arne Sandnes argumenterte sterkt for sin favoritt, nummer 7, og eitt av argumenta var at han er oppteken av å ta fortida med inn i framtida.

– Nummer sju signaliserer sødme, fruktbarheit og varme. Fargar er ikkje uvesentleg i eit kommunevåpen og dei andre blir litt kalde med blått og kvitt. Slik opplever eg det, sa han.

– Det å kome frå Fjord kommune og ha ein fjord som kommunevåpen, finn eg ganske naturleg, meinte Claus Hoff og fekk støtte frå fleire av dei andre.

Må greie å ta ei avgjerd

Det vart stilt spørsmål om det verkeleg var nødvendig å bestemme noko no, om dette er tidskritisk – og det vart ymta frampå om at kanskje ein rett og slett skulle lage ei tilråding til det nye kommunestyret i saka. Det var ikkje Olav Løvoll særleg nøgd med.

– Vi har fått delegert eit ansvar og no kryp vi unna igjen. Eg synest ikkje at vi kan gjere vedtak og så la det bli opp til det nye kommunestyret. Ein får delegert mynde og så tar ein det ikkje, men sender det vidare fordi ein ikkje tør …

Begge rådmennene kom med sine kommentarar i saka. Anne Berit Løset håpte at ein kunne vere bevisste på å skape noko nytt og samlast om det nye og meinte at dagens symbol til Norddal og Stordal heller kan takast inn i eit ordførarkjede. Også Karl André Birkhol meinte at det måtte gå an å lande dette.

– Det er fleirtalet som må bestemme og vi tenkjer at i ei større forsamling blir det meir relevant, påpeikte Arne Sandnes og syntest at når det var så delte meiningar, så ville det vere betre å overlate avgjerda til det nye kommunestyret.

– Eg synest vi skal gå inn i framtida med eit nytt kommunevåpen. Eg er meir tiltalt av å velje noko nytt, som er vårt og som vi begge kan knyte nye og sterke kjensler til, sa Eva Hove som likte nummer 58 best.

Røysting

– Vi treng ikkje diskutere dette meir, det er ei sak utan fasit og det er knytt kjensler til dette, sa Arne Sandnes som meinte at ein fekk røyste og så sende det over til det nye kommunestyret.

Det vart til slutt røysta over alternativ 7 og 58, og røystinga viste resultatet 1-7 i favør alternativ 58. Berre Arne Sandnes røysta for alternativ 7.

Dermed er det alternativ 58 som det vert å gå vidare med og saka vert ikkje overlate til det nye kommunestyret. Hilde Dyrkorn presiserte undervegs i debatten at det er ideen skom skal vedtakast no, så skal den arbeidast vidare med av fagfolk og at det framleis er ein lang prosess vidare før ein har eit ferdig kommunevåpen.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no