Journalistane ved NRK Møre og Romsdal i streik

NRKJ sine medlemmar i NRK Møre og Romsdal som frå klokka 13.01 15.mai vart tekne ut i streik.

Om lag 30  tilsette ved NRK Møre og Romsdal gjekk i dag ut i streik. Dei streikar for høgare grunnløn og med krav om å få ei fagleg utvikling, det seier informasjonsgruppa til streikekomiteen i NRK Møre og Romsdal i ei pressemelding.

Klokka 13.01 tysdag forlèt dei NJ-organiserte i NRK arbeidsplassen sin, fordi avstanden mellom partane var for stor. Til saman 1700 tilsette i NRK streikar.

Ved NRK Møre og Romsdal går dei lokale ettermiddagsendingane på radio og tv-sendingane ut. Nyhendetilbodet på nett blir også sterkt redusert.  Journalistar ved dei tre lokalkontora Molde, Kristiansund og Ålesund er tatt ut i streik.

– Vi reagerer på at dei store mediahusa tener 110.000 kroner meir enn oss og vi har kravd at NRK tettar dette gapet. Det har NRK sagt nei til og difor vart det naudsynt å gå ut i streik, seier klubbleiar ved NRKJ, Frode Berg.

I tillegg til auka løn, krev NJ likebehandling av tilkallingsvikarar og at NRK følger opp sine tilsette og sørgjer for oppdatert kompetanse.

Den lokale klubben har budd seg godt på streik og er i stand til å streike lenge, dersom det er naudsynt.

Berg beklagar at streike går utover tilbodet til publikum, men håper at folk viser forståing.