Jula på hovudet ut og friluftslivet kjem vandrande inn 

Bjørg Kleppe på Kraftsenteret i Valldal har rydda ut jula og er klar for å sleppe inn friluftslivet sitt år på Frivilligsenralen i Valldal.

Bjørg Kleppe på Frivilligsentralen i Valldal har saman med Bodil Johanne Eik rydda ut jula frå Kraftsenteret i Valldal tidleg denne veka.

No er friluftslivet sitt år på full fart inn og i Norddal kommune vil gjerne at frivilligsentralen skal vere med å engasjere folk til å nytte den nære naturen.

Nært og kjært

– Vi vil at så mange som mogleg vil nytte seg av naturen dette året og kanskje spesielt dei med funksjonshemmingar. Vi må sjå moglegheitene og ikkje avgrensingane. Det treng ikkje vere så høgt, langt eller langt vekk, det nære held i massevis, seier Bjørg Kleppe.

Frivilligsentralen og folkehelsekoordinatoren i Norddal kommune vil vere pådrivarar og koordinatorar til det frivillige arbeidet for å få folk ut og i aktivitet.

Ein gong i månaden

Gjennom heile året skal dette skje og ein gong kvar månad vil dei prøve å løfte fram eit arrangement som skal engasjere folket.

– Lag og organisasjonar, i tillegg til dei andre frivillige, er vi sjølvsagt avhengige av, utan dei vert det ikkje noko aktivitet, smiler Bjørg. Frukostgruppa er nyss ferdig med å dekke av bordet og Bjørg pakkar med seg CD-spelar som gruppa skal ha med seg i kjellaren for å drive med stoltrim der.

– Vi kan kanskje gjere noko liknande ute når vêret passar oss betre, smiler Bjørg på veg ned i kjellaren.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no