Julekonsertar

Juleshow i Stordal

Dei som hadde teke turen til storstova i Stordal sist søndag fekk oppleve eit skikkeleg juleshow med storband, kor, strykarar og flinke vokalistar.

Maria Holand Tøsse og Odd Fossum i Big Odd band starta planlegginga av juleshowet i januar.

Utgangspunktet var konsert med storband og vokal, men voks undervegs med strykarar og kor og to vokalistar.

Trøkk

Det var eit skikkeleg juleshow i Stordalshallen sist søndag. På scena sat Big Odd Band og Indre Strøk med stor musikkforståing og speleglede og Big Valley Voices gjesta scena ved fleire høve og med fine songar og flotte stemmer.

Vokalistane Maria Holand Tøsse og Trygve Sætre kunne sine ting og song tradisjonelle storbandjulesongar med trøkk og gleda publikum.

Det var ei mektig oppleving med kor, storband og strykarar og i tillegg var det mange fine enkeltprestasjonar. Big Odd Band, leia av Odd Fossum, spelte presist og med trøkk på songar med avanserte arrangement.

Det var vel slik dei hadde tenkt det skulle bli. Eit skikkeleg juleshow med fint pynta sal, ei lyssett scene, god lyd og glade menneske. Undervegs i programmet var det ei pause så folk kunne prate og kose seg med kaffi og kaker.

Krev mykje

Eit så stort arrangement krev mykje arbeid og kostar ein heil del.

– Med 163 betalande gjekk vi i pluss, men slike arrangement er ikkje noko gullgruve. Dette gjer vi fordi vi vil skape slike opplevingar og fordi vi elskar det vi driv på med, seier Maria Holand Tøsse.

Julestemning i Liabygda

Andrea Overå Ulvestad står i våpenhuset og tek i mot dei som kjem, fint pynta begge to. Dei tre søskena, Maria Nitter Ulvestad, Hildegunn Garseth Ulvestad og Sverre Overå Ulvestad skal synge og spele denne kvelden og dei har med seg Terje Haaheim på bass.

Med sine relasjonar til Liabygda ville dei gjerne halde konsert i den fine og intime kyrkja.

Kvelden var fin med litt snø utføre, inne var det varmt og lyst og godt med folk. Musikarane fann plassane sine og sa deira klare mål var å få dei frammøtte i julestemning.

Med gitar, song, ukulele, bass og eit variert repertoar med julerelaterte songar greidde dei det med god margin.

 

«O nata lux» i Geiranger

Fredag kveld vart vegen mellom Eidsdal og Geiranger stengd og rasrute mellom Hellesylt og Geiranger sett inn.

Laurdag skulle det vere konsert med Ålesund kammerkor – og dei trassa dårleg vêr, stengde vegar og ekstra ferjetur og stilte på konsert som planlagt, ein time tidlegare enn først annonsert.

Med seg på «rasferja» hadde dei verk og julemusikk av mellom anna Overøye, Mørk Karlsen, Lauridsen, Bruckner og Barber. I tillegg hadde dei også med seg Richard Powell som fekk boltre seg på det nye kyrkjeorgelet.

I tillegg til dei langvegsfarande korgjestane, deltok også ungdomskoret i Geiranger under leiing av Gunnar Inge Eide.

Det vart ei stemningsfull stund og mange hadde funne vegen til kyrkja denne ettermiddagen for å høyre vakker musikk og dyktige songarar under kyndig leiing av dirigent Raghild Eide Akslen.