Juniorane tok prisar

Valldal juniorspelmannslag frå venstre: Mari Hjelle, Eline Eide Grønningsæter, Olina Nystad, Solveig Eide Grønningsæter og Aslak Waldal. Sara Rønneberg Nilsen var òg med, men ikkje tilstades då biletet vart teken. Foto: Øivind Eide

Valldal juniorspelmannslag kom tilbake frå fylkeskappleiken i Tresfjord med to førsteprisar.

I klassa lagspel junior med komp tok dei førsteplassen med 81 poeng. I klassa lagspel junior utan komp vart det endå ein førsteplass, to poeng før Spelemannslaget Havella.

I klassa Spel fele/hardingfele klasse C, vart det ein sterk andreplass til Solveig Eide Grønningsæter. Dette er i grunnen den minst rettferdige av alle klassar, sidan det er svært stor aldersforskjell på utøvarane. Å ha talent, er ein ting. Men det seier seg sjølv at di fleire år du har hatt på å utvikle talentet, gjer ein stor forskjell.

I klassa Lagspel senior m/komp, vart det ein fin tredjeplass til seniorlaget. Ingunn Linge Valdal kom på tredjeplass i klasse spel fele/hardingfele klasse A.

Valldal Spelemannslag har i mange år vore mellom laga som har markert seg i mange klassar, med fine resultat. Dette viser at det vert arbeidd godt på rekruttsida.

Elles bør det nemnast at tilskiparlaget, Dåm og Drag, stod for ein fint gjennomført og kjekk kappleik.

Randi Flø
randi@storfjordnytt.no