Kaia fiks ferdig i Fjørå

Med tredekket på plass og vårsola midt i mot er kaia på nytt klar for tida som kjem.

No har Valldal Bygdeservice avslutta arbeidet med tredekket på kaia i Fjørå.

Materialet dei har nytta kallar dei malmfuru. Det er furu som veks seint og tett og har difor stor andel kjerneved. Den vert naturleg impregnert og held lenge, sjølv på vêrutsette stader.

Tredekket skal først og fremst verne kaia mot isen vinterstid og så vert det sjåande fint ut og praktisk når båtar legg til ved kaia i tillegg.

No når våren kjem skal Fjørå kailag sine venner ta finpussen og avslutte arbeidet på kaiområdet i Fjørå.

– Vi er glade for at vi tok fatt på arbeidet og no når vi nærmar oss målet, vert vi litt stolte alle mann, seier Lars Selboskar. I starten fekk han med seg Magne Almstad og Rolf Nerhus i styret og seinare er fleire komne til.

Meir om kaia i Fjørå

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no