«Kalle» i historisk ny jobb

Karl André Birkhol som til no har vore konstituert rådmann i Norddal kommune, har no teke fatt på jobben som administrasjonssjef i nye Fjord kommune.

Konstituert rådmann i Norddal kommune, Karl André Birkhol, er tilsett som administrasjonssjef i nye Fjord kommune og blir slik sett historisk som den første administrasjonssjefen nokon gong i kommunen.

Det var fem søkjarar til stillinga, og etter at fellesnemnda har hatt samtalar med to av søkjarane, innstilte fellesnemnda tysdag kveld på å tilby jobben til Karl André Birkhol. Han har takka ja, og seier han allereie har starta i jobben.

To funksjonar framover

– Samtidig som eg starta i den nye jobben frå og med i dag, vil eg fungere som rådmann i Norddal kommune, seier han og legg til at det vil bli ein gradvis nedtrapping av den eine stillinga og tilsvarande gradvis opptrapping av den nye slik at han ser føre seg at administrasjonssjefstillinga er fasa heilt inn ved årsskiftet.

Når Storfjordnytt påpeikar at han no er historisk som den første administrasjonssjefen i ein heilt ny kommune, seier Birkhol at det i seg sjølv fengar.

– Eg elskar utfordringar, og her står dei i kø, slår han fast.

Administrativ organisering

Utfordringane han snakkar om, handlar om det å skulle skape den nye kommunen. I tillegg er det alle dei andre tinga som må takast tak i, både dei som plutselig berre dukkar opp og dei meir langsiktige tinga.

– Ad hoc-sakene tek mykje tid frå den langsiktige strategiske planlegginga, men det er slik denne jobben er – begge delar må takast hand om, slår han fast.

Det han ser på som det aller viktigaste å få på plass tidleg, er korleis den administrative organiseringa av Fjord kommune skal sjå ut.

– Ikkje minst av omsyn til dei tilsette, er det viktig å få landa ganske kjapt slik at dei ser korleis dette vil bli. Kartet vil bli teikna først og så startar arbeidet med å få avklart dei ulike rollene i kartet, sjå på kva kompetanse vi har behov for – og om vi har slik kompetanse i eigne rekker eller om vi må ut og hente kompetansen. Slike ting. Men det er viktig å få synleggjort dette tidleg, seier den nye administrasjonssjefen på inn- og utpust.

Han legg til at det i intensjonsavtalen står at ingen tilsette i Stordal og Norddal kommunar skal miste jobben som følgje av samanslåinga, det er noko han kommer til å ha som rettesnor i det vidare arbeidet.

– Vi skal utveksle kompetanse og bruke kompetansen vi har der det er bruk for den. Og det kan hende at enkelte av dei tilsette vil få nye oppgåver i den nye kommunen enn det dei har i dag, seier han og slår fast at arbeidet med den administrative organiseringa er noko av det første han vil ta tak i i nyjobben.

Teken godt imot

I Karl André Birkhol får Fjord kommune ein administrasjonssjef som gler seg til oppgåva og som ikkje er redd for utfordringar. Han seier han er takksam for den stadig større tilliten han har fått gjennom dei åra han har vore tilsett i Norddal kommune.

– Eg er blitt plassert inn i oppgåver oppover i systemet. Og når ein får så slik tillit, seier det meg at eg gjer ein del rett, og det gjer at motivasjonen aukar, seier han sjølv om han innser at det ikkje er nokon ni-til-fire-jobb han no har gått inn i.

– Det trivst eg med, og så er eg optimist av natur. Og når i tillegg ønsket om å vinne er sterkare enn frykta for å tape, så tek eg fatt på oppgåva med stor entusiasme, seier han.

– Korleis er nyheita blitt teke imot her på kommunehuset?

– Eg er blitt møtt med gode ord og klem, eg set utruleg stor pris på å vere ønska i stillinga, avsluttar han.

 

Heile intervjuet kjem på trykk i neste utgåve av Storfjordnytt.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no